Stilling:

Seniorkonsulent (vikariat) - Det medisinske fakultet

Søknadsfrist 13. januar 2019

Ved Det medisinske fakultet er det ledig eit 100 % vikariat som rekrutteringskonsulent (seniorkonsulent) med tilsetjing så snart som mogleg og til januar 2020.

Den som vert tilsett vil arbeide i Seksjon for rekruttering som er ein av fem seksjonar i fakultetsadministrasjonen. Seksjonen består av fem medarbeidarar som i samarbeid med institutta skal rekruttere dei beste til stillingar ved fakultetet. Seksjonens leveransar består mellom anna av sakshandsaming, informasjon og gode råd til brukarane. Seksjonen handsamar omlag 350 tilsetjingar i året.

Meir om fakultetet her.

Arbeidsoppgåver:

  • sakshandsaming i rekrutteringsprosessar frå utlysning til vedtak om tilsetjing
  • gje brukarar og søkjarar gode råd og informasjon
  • bidra til å utvikle og kvalitetssikre tenester ved seksjonen
  • delta aktivt i rekrutteringsprosessen ved til dømes å bidra med organisering av og deltaking på intervju

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til seksjonssjef Marianne Bø Larsen på mobil 992 15 423, eller e-post marianne.bo@uib.no

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • søkjar må ha utdanning på mastergradnivå og arbeidserfaring. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
  • relevant erfaring innan HR-arbeid samt kjennskap til universitets- og høgskulesektoren er ein føremon
  • erfaring med elektronisk sakshandsaming er ein føremon
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Personlege eigenskaper

Vi søkjer ein medarbeidar som

  • er fleksibel, ansvarleg og imøtekomande
  • arbeider systematisk og er løysingsorientert
  • taklar mange arbeidsoppgåver samstundes

Ved intervju vil det bli lagt stor vekt på motivasjon og dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 53-57 (for tida kr 464 800 - 497 000). For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Du kan lese meir om kva Universitetet i Bergen kan tilby her.

Om rekruttering i statlege stillingar

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søknad

Send søknad elektronisk via lenkja «Søk stillingen» på denne sida.

Søknaden skal omfatte:

  • søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
  • attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Søknadane vert vurdert med den informasjonen som ligg i Jobbnorge når søknadsfristen går ut.

Søk stillingen

Powered by Labrador CMS