Stilling:

Seniorkonsulent ved Dokumentsenteret

Søknadsfrist 24.03.2019

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om HR-avdelinga her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Seniorkonsulent

Ved Dokumentsenteret på HR-avdelingen er det ledig ei mellombels stilling (vikariat) som seniorkonsulent.Stillinga er ledig for perioden 10.06.2019 – 13.03.2020.

Arbeidsoppgåver:

Den som vert tilsett vil delta i drift og utvikling av arkivfunksjonane ved Universitetet i Bergen, som mellom anna omfattar følgjande oppgåver:

  • Postmottak, sak og dokumentregistrering, kvalitetskontroll og journalføring
  • Forvaltning av eldre arkiv, innhente, ordne og klargjera for avlevering
  • Brukarstøtte og opplæring
  • Ta del i utviklinga av e-læring og anna opplæringsmateriale retta mot brukarane av elektronisk sak-/arkivsystem
  • Produsere offentleg journal og følgje opp interne og eksterne spørsmål om informasjon/dokumentasjon

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarane må ha høgre utdanning på minst bachelor-nivå eller tilsvarande utdanning tilpassa dei oppgåvene stillinga skal dekkje. Tilsvarande kvalifikasjonar kan oppnåast gjennom lang og allsidig praksis saman med relevant etter- og vidareutdanning.
  • Vi søkjer ein serviceinnstilt, fleksibel, kvalitets- og resultatbevisst medarbeidar med gode samarbeidsevner. God generell IT-kunnskap og kjennskap til administrative datasystem, brukarstøtte og praktisk røynsle frå områda elektronisk dokumenthandsaming/elektronisk arkiv vil bli vektlagt . Røynsle med bruk av ePhorte sak-/arkivsystem, og/eller funksjons- /prosessanalyse (DIRKS/ ISO TR 26122) er ei føremon.
  • I vurderinga vil også evne og interesse for å driva opplæring og brukarstøtte for sakshandsamarar og andre brukarar av sakshandsamings- og arkivsystem bli vektlagt. Røynsle frå andre offentlege organ er og ein fordel, men det viktigaste er at du er motivert for å jobbe innan fagområdet.

Vi kan tilby:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 54 - 60 (for tida kr 472 300 – 524 200) i det statlege lønsregulativet.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Arkivleiar Terje Askvik, tlf. 55 58 34 81, e-post: Terje.Askvik@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS