Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Seniorkonsulent (Jurist)

Søknadsfrist: 30.05.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Universitetsdirektøren er øvste leiar av den administrative verksemd ved universitetet. Direktøren er tilsett på åremål av universitetsstyret, og er sekretær for styret. Universitetsdirektøren sitt kontor omfattar Sekretariat for universitetsledelsen og Holbergprisens sekretariat.

Seniorkonsulent (Jurist) ved Universitetsdirektørens kontor

Ved Universitetsdirektørens kontor, Sekretariatet for universitetsleiinga er det ledig ei fast stilling som seniorkonsulent (jurist).

Seksjonen har eit særleg ansvar for å være sekretariat for; universitetsstyret, universitetet sitt utval for redeligheit i forsking, klagenemnd for studentsaker, universitetet si skikkavurderingsnemnd og valgstyret. Seksjonen arbeider òg med eit breitt spekter av forvaltningsrettslege problemstillingar, personvern, kvalitets- og styringssystem, internrevisjon, internkontroll, forskingsetikk og gjennomføring av val til universitetet sine ulike styrer og råd. Seksjonen løyser ulike utgreiings- eller oppfølgingsoppgåver som vert tildelt av universitetsleiinga. Personen som blir tilsett vil primært samarbeide med dei andre juristane ved seksjonen, men og resten av universitetets sentrale administrasjon og fakulteteter.

Administrasjon ved universitetet er i utvikling og endring. Seksjonen tek del i dette arbeidet og som tilsett ved seksjonen vil du ta del i og bidra i desse endringsprosessane.

Arbeidsoppgåver:

  • Greie ut og førebu saker for universitetet si klagenemnd i studentsaker
  • Delta i førebuinga av saker for universitetet sitt utval for redeligheit i forsking
  • Delta i sakshandsaminga av skikkavurderingsaker
  • Bidra med juridisk kompetanse i enkeltsaker og i samarbeid med universitet sine andre avdelingar

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Master i rettsvitskap / cand. jur
  • Solid skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Gode kommunikative eigenskapar og evne til samarbeid
  • Evne til sjølvstendig oppgåveløysning
  • God digital kompetanse
  • Relevant erfaring innan forvaltningsrett er en føremon
  • Personlege eigenskapar naudsynt for stillinga vil det bli lagt avgjerande vekt

Vi kan tilby:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Eit arbeidsmiljø med gode kollegaer og stor fagleg breidde
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Løn som seniorkonsulent (kode 1363 ) etter lønssteg 58 - 63 (kr. 505 800 - 555 100 pr år) etter kvalifikasjonar. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Seksjonssjef Ame Ramslien, Universitetsdirektørens kontor, telefon 55 58 2005 / 45245549 e-post: arne.ramslien@uib.no

Den statlege arbeidssyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS