Stilling:

Seniorkonsulent (Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium)

Søknadsfrist 28. januar 2019

Ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) er det ledig ei fast 100 % stilling som seniorkonsulent knytt til forskarutdanninga ved instituttet frå 1. mars 2019.

LLE er eitt av fire institutt ved Det humanistiske fakultet ved Universitetet i Bergen. Instituttet femner om faga litteraturvitskap, språkvitskap, norsk som andrespråk, nordisk språk og litteratur, norrøn filologi, kunsthistorie, klassisk filologi, teatervitskap og digital kultur, og norskkurs for utanlandske studentar og tilsette. Det er om lag 100 vitskapeleg tilsette ved instituttet, 50 ph.d.-kandidatar og 15 personar knytte til administrasjonen. Næraste overordna er administrasjonssjefen.

Arbeidsoppgåver

  • Ha hovudansvaret for det administrative arbeidet knytt til instituttet si forskarutdanning og lokale forskarskular
  • Vareta det administrative arbeidet knytt til rekruttering, tilsetting, mottak og oppfølging av alle ph.d.-kandidatar og postdoktorar og avtaleverk knytt til dette
  • Yte støtte til instituttleiar og forskingsleiar i strategisk arbeid med forskarutdanninga og i oppfølging av ph.d.-kandidatane ved instituttet
  • Førebu saker til - og fungere som sekretær for instituttets forskings-, formidlings- og forskarutdanningsutval
  • Implementere og følgje opp administrative prosedyrar og rutinar, og evaluerings- og kvalitetssikringsarbeid knytt til forskarutdanninga
  • Formidle aktiviteten på forskarutdanningsfeltet, mellom anna gjennom oppdatering og vedlikehald av nettsider
  • Drive sakshandsaming på feltet, mellom anna knytt til meldingar, rapporteringar og høyringssaker
  • Støtte opp om internasjonalt samarbeid
  • Delta i faglege nettverk
  • Arbeid i samband med innlevering av avhandlingar og disputasar ved instituttet

Det administrative arbeidet knytt til forskarutdanninga krev god dialog og godt samarbeid med vitskapleg personale på alle fagområda ved instituttet, samstundes som fleire av arbeidsoppgåvene krev tett samarbeid med administrativt tilsette på andre arbeidsfelt. Det er såleis særleg viktig å oppretthalde gode kommunikasjonsliner og samarbeide på tvers av ansvarsområde.

Alle i administrasjonen vil, i tillegg til dei særskilte funksjonane som er lagde til stillingane deira, også måtte ta del i andre administrative oppgåver. Det kan verte aktuelt med nokre justeringar av arbeidsoppgåver og arbeidsfordeling.

Kvalifikasjonar

Krav:

  • Høgare utdanning på minst masternivå, eller spesialutdanning tilpassa dei oppgåvene stillinga skal dekkje
  • Erfaring frå universitets- eller høgskulesystemet og offentleg forvalting
  • Relevant praksis
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på begge målformer, og gode engelskkunnskapar
  • God IT-kompetanse og helst erfaring med program som Felles Studentsystem og ePhorte

I tillegg er det ein føremon med:

  • Erfaring med teamarbeid og teamleiing
  • God kjennskap til det studieadministrative arbeidsfeltet
  • Personlege eigenskapar
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, fleksibilitet og sørvisinnstilling
  • God evne til koordinering av arbeidsoppgåver på tvers av administrative arbeidsfelt
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta
  • Evne til prioritering og orden i periodar med stort arbeidspress

Ved vurderinga av søkjarane vil det verte lagt stor vekt på dei personlege kvalifikasjonane som trengst i stillinga.

Vi tilbyr

  • Eit godt og interessant arbeidsmiljø, utfordrande oppgåver og høve til utvikling og kompetanseheving
  • Stilling som seniorkonsulent (kode 1363), lønn tilsvarande lønssteg 54 - 58, for tida 471.900 - 505.400 kr. brutto per år. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare lønn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Gode velferdsordningar.

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Fungerande administrasjonssjef Aleksander Morland ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium, telefon 55 58 22 95

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjorde offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Søknad og CV skal sendast elektronisk via link på denne sida «SØK STILLINGEN». Kopi av vitnemål og attestar skal berre sendast dersom du får melding om det.

Søknaden skal merkast: 18/14555

Søknadsfrist: 28.01.2019

SØK STILLINGEN