Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Seniorkonsulent for forskarutdanning og studiesaker

Søknadsfrist: 13.06.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Seniorkonsulent

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Institutt for framandspråk er det ledig ei fast stilling som seniorkonsulent med ansvar for forskarutdanning og studiesaker. Startdato er 1. august 2019 eller etter avtale.

Instituttet har ni fag: arabisk, engelsk, fransk, italiensk, japansk, kinesisk, russisk, spansk språk og latinamerikastudium, tysk. På kvart av faga er det fleire disiplinar, som språk, litteratur, kulturkunnskap/historie og fagdidaktikk. Staben ved instituttet har over femti fast vitskapleg tilsette og ti administrativt tilsette, i tillegg til ulike grupper mellombels tilsette. Den viktigaste gruppa av mellombels tilsette er ph.d.-stipendiatane (om lag tjue) og postdoktorane (fire). Miljøet ved instituttet er dynamisk og internasjonalt med eit utstrekt samarbeid med institusjonar i ulike land og i alle verdsdelar. Meir informasjon om instituttet ligg på www.uib.no/fremmedsprak.

Administrasjonen ved instituttet skal leggje til rette for forsking, formidling og utdanning av høg kvalitet.

Arbeidsoppgåver:

Om lag halve stillinga vil gå med til forskarutdanning og andre oppgåver innanfor forskingsfeltet:

  • oppfølging av forskarutdanninga, ph.d.-stipendiatane og postdoktorane ved instituttet (inkl. pliktarbeidsplanar, rettleiing, sakshandsaming mm)
  • sekretær for Forskings- og forskarutdanningsutvalet (FFU) ved instituttet
  • administrativ støtte for forskingskoordinator ved instituttet
  • støtte til forskargruppene ved instituttet
  • formidling og nettsider knytt til forskingsfeltet

Den andre halvdelen av stillinga vil gå med til studieadministrasjon:

  • sakshandsaming og studierettleiing
  • oppfølging og utvikling av enkeltfag
  • sekretær for programstyret på det aktuelle faget
  • arrangement og prosjektarbeid
  • studentrekruttering og informasjonsarbeid, inkludert oppfølging av heimesider
  • formidling knytt til studiefeltet

Den som blir tilsett, må rekne med endringar i oppgåver og nye arbeidsfelt.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • høgare utdanning på minst mastergradsnivå
  • relevant praksis frå administrativt arbeid innanfor forsking og høgare utdanning vil bli vektlagd
  • gode evner til å kommunisere skriftleg og munnleg
  • solide engelskkunnskapar og evne til å uttrykkje seg godt skriftleg på engelsk, nynorsk og bokmål
  • kjennskap til og interesse for faga ved instituttet
  • effektivitet
  • sjølvstende
  • gode samarbeidsevner
  • fleksibilitet
  • evne til å gjennomføre arbeidsoppgåvene

Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • stilling som seniorkonsulent (kode 1363), lønn tilsvarande lønssteg 55–59, for tida 480.200 – 514.800 kroner brutto per år. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • gode velferdsordningar.

Generell informasjon:

Du får vite meir om stillinga om du kontaktar:

  • Studieleiar Silje Grønner Stang på tlf. 55 58 93 75 eller e-post silje.stang@uib.no, eller
  • Administrasjonssjef Arve Kjell Uthaug på tlf. 55 58 22 81 eller e-post arve.uthaug@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Send søknad og CV elektronisk via «SØK STILLINGEN» på denne sida. Kopi av vitnemål og attestar skal berre sendast dersom du får melding om det.

Søknadsfrist: 13.06.2019

Merk søknaden: 19/5871

SØK STILLINGEN

Powered by Labrador CMS