Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Seniorkonsulent / førstekonsulent (studieadministrasjon) - Institutt for geovitenskap

Søknadsfrist: 21.07.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Seniorkonsulent

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Institutt for geovitenskap er det ledig ei midlertidig stilling som seniorkonsulent/førstekonsulent innan studieadministrasjon. Stillinga er eit vikariat i forbindelse med ein foreldrepermisjon. Vikariatet har ei varigheit på 6 månader, men det kan verte aktuelt å tilby forlenging. Avhengig av utdanning og kvalifikasjonar hos den som vert tilsett, kan det verte aktuelt å tilsetje anten som seniorkonsulent eller som førstekonsulent.

Instituttet femner om eit vidt felt av geofaglege disiplinar. Instituttet har om lag 290 studentar fordelte på bachelor-, master- og ph.d.-utdanning. For meir informasjon om instituttet viser vi til Institutt for geovitenskap sine nettsider.

Målsetjinga for administrasjonen er å leggje til rette for at det kan drivast forsking, formidling og utdanning av høg kvalitet ved instituttet. Stillinga som seniorkonsulent/førstekonsulent inngår i ein instituttadministrasjon med 8 medarbeidarar som har administrasjonssjefen som næraste overordna.

Det er i dag 2,5 årsverk som saman har ansvar for studie- og undervisningsadministrative oppgåver ved instituttet. Studieadministrasjonen ved GEO samarbeider tett med dei vitskapelege førelesarane og har elles eit tett samarbeid med studiepersonale både ved dei ulike institutta og ved fakultetsadministrasjonen.

Alle i administrasjonen må rekne med å ta del i andre administrative oppgåver, i tillegg til dei spesifikke funksjonane som er lagt til stillinga.

Arbeidsoppgåver

Administrativt ansvar for masterprogrammet i geovitskap og for den totale emneporteføljen ved instituttet.

Dette inneber mellom anna

  • ansvar for administrering, koordinering, kvalitetssikring og utvikling av instituttet sitt masterprogram, det vil seie
    • rekruttering og opptak til master
    • oppfølging av masterstudentar samt koordinering av uteksaminering
    • sakshandsaming innan studierelaterte saker, inkludert sakshandsaming med overordna/komplekse problemstillingar
    • innpassing av ekstern utdanning
    • studierettleiing og orienteringsmøte for studentar
    • informasjonsverksemd - utarbeiding av informasjonsmateriell inkludert webinformasjon
  • administrativ planlegging av emneundervising og utarbeiding av undervisingsbudsjett i tett samarbeid med emneansvarlege
  • faglege utgreiingar, knytt til etablering, utvikling og kvalitetssikring av studieplanar, emne og læringsmiljø
  • arbeid med utvikling av tverrfaglege studieprogram
  • sekretær og saksførebuing for instituttet sitt programstyre
  • innkalle til og førebu saker til felles lærarmøter for alle som underviser ved instituttet, i tett samarbeid med programstyreleder

Arbeidsoppgåver knytt til tilrettelegging for undervising (inkludert timeplanlegging og eksamensarbeid) er lagt til ein annan medarbeidar i seksjonen.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

Kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning på masternivå innan geovitskap, eller tilsvarande utdanning er eit krav.
  • Relevant praksis er ein førmon.
  • Kjennskap til og erfaring frå studieadministrativ arbeid frå Universitetet i Bergen er ein føremon.
  • God administrativ IT-kompetanse og kjennskap til Felles Studentsystem (FS) og UiB sine elektroniske portalar er ein føremon.

Personlege eigenskapar

  • Den som vert tilsett må
  • ha evne til å arbeide sjølvstendig, vere ansvarsmedviten og fleksibel
  • vere initiativrik, motivert og ha stor arbeidskapasitet
  • vere resultat- og løysingsorientert
  • vere serviceinnstilt
  • ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • ha gode analytiske eigenskapar og nødvendig presisjon i arbeidet
  • Det vert lagt stor vekt på dei personlege kvalifikasjonane som er naudsynte for stillinga.

Språk - både skriftleg og munnleg

  • Begge målformer - nynorsk og bokmål
  • Engelsk

Vi kan tilby

  • varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit spanande fagmiljø, og eit godt arbeidsmiljø
  • stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 53 - 56 (for tida kr 472 000 - 496 100), alternativt som førstekonsulent (kode 1408), lønssteg 51 - 53 (for tida kr 456 400 - 472 000) brutto per år i det statlege lønsregulativet avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn.
  • kompetanse- og karriereutvikling
  • nettverk for studiekonsulentar ved fakultetet, som bidreg til fagleg utvikling
  • mentor for nytilsette
  • fleksibel arbeidstid og gode velferdstilbod og medlemskap i Statens Pensjonskasse som inneber ei god tenestepensjonsordning, tilbod om bustadlån til gunstig rente og yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • gode velferdsordningar
  • gode velferdsordningar

Generell informasjon

Utfyllande opplysingar om stillinga kan ein få ved å kontakte:

  • Instituttleiar Ingunn H. Thorseth, tlf. 55 58 34 28 / e-post: ingunn.thorseth@uib.no eller
  • Administrasjonssjef Andrea Grimnes, tlf. 55 58 33 00 / 971 72 904 /e-post: andrea.grimnes@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS