Stilling:

Seniorkonsulent / førstekonsulent (studieadministrasjon) - Geofysisk institutt

Søknadsfrist 06.03.2019

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Om stillinga

Ved Geofysisk institutt er det ledig ei fast stilling knytt til studieadministrasjon og informasjonsarbeid. Dette er ei ny stilling (seniorkonsulent/førstekonsulent avhengig av kvalifikasjon) med ansvar for administrasjon av Integrert masterprogram i energi (5-årig, siv.ing.) og Masterprogram i energi (2-årig) ved Det matematisk-naturvitskapelige fakultet.

Studieprogramma er koordinert og administrert frå Geofysisk institutt i nært samarbeid med dei involverte institutta og tett knytt opp til studieseksjonen ved fakultetet.

Den som blir tilsett får hovudansvar for å involvera dei ulike aktørane og legge til rette for eit godt administrativt samarbeid på tvers av institutt og fakultet. Det er også lagt til rette for samarbeid med dei andre 5-årige masterprogramma i sivilingeniørsatsinga ved fakultetet.

Arbeidsoppgåver:

Stillinga vil innebera varierte oppgåver innan studieadministrasjon, informasjonsarbeid og leiarstøtte.

Arbeidsoppgåvene vil blant anna omfatta:

  • Generell sakshandsaming innan studieadministrative saksfelt
  • Studierettleiing
  • Innpassing av ekstern utdanning
  • Internasjonalisering
  • Informasjonsarbeid knytt til eige ansvarsområde (t.d. rekruttering)
  • Utvikling av rutinar og samarbeidsformar for dei nye sivilingeniørprogramma
  • Koordinering med samarbeidande institutt og fakultetet
  • Koordinering med eksterne partnarar og nettverk
  • Sekretær for programstyret for dei to masterprogramma

I tillegg til administrasjon av dei to studieprogramma vil ein stor del av stillinga vere informasjonsarbeid og leiarstøtte. Som tilsett i administrasjonen må ein ved behov ta del i generelle administrative oppgåver innanfor seksjonen sitt arbeids- og ansvarsområde.

Universitetet i Bergen er ein organisasjon som i særleg grad må vere tilpassingsdyktig til endringar i omgivnadene, og må vere førebudd på å møte skiftande utfordringar. Den som vert tilsett, må difor vere førebudd på at arbeidsoppgåvene kan bli endra.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha utdanning på mastergradsnivå, helst innan realfag
  • Det blir særleg vekt på relevant erfaring frå studieadministrativt arbeid.
  • Erfaring frå offentleg forvalting og universitets- og høgskulesektoren.
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Relevant administrativ IT-kompetanse, særleg erfaring med systema FS og ePhorte.
  • God skriftleg framstillingsevne på bokmål og nynorsk samt engelsk skriftleg og munnleg
  • Fleksibel og serviceinnstilt
  • Evne til å ha oversikt, vere utviklingsorientert og tileigne seg ny kunnskap raskt
  • Sjølvstendig og initiativrik
  • Systematisk og løysingsorientert med god gjennomføringsevne
  • Effektiv, fleksibel og serviceinnstilt
  • Det blir lagt stor vekt på dei personlege kvalifikasjonane som er naudsynte for stillinga

Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar til stillinga som seniorkonsulent, vil det verte vurdert å tilsetje ein person som førstekonsulent. Krav til utdanning og/eller røynsle vil då verte redusert.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 53 - 57 (for tida kr 464 800 – 497 000), alternativt som førstekonsulent (kode 1408), lønssteg 47 – 53 (for tida kr 421 700 – 464 800) brutto per år i det statlege lønsregulativet avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS