Stilling:

Seniorkonsulent - Institutt for global helse og samfunnsmedisin (IGS)

Søknadsfrist 10.02.2019

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Seniorkonsulent

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin (IGS), er det ledig eit vikariat i 100 % stilling som seniorkonsulent/prosjektøkonom. Vikariatet er perioden 25.03.2019 – 15.11.2019.

Stillinga vil inngå i økonomiseksjonen ved instituttet som ein av fire prosjektøkonomar, der den eine er økonomikoordinator/arbeidsleiar, og to instituttøkonomar. Stillinga har administrasjonssjef som næraste overordna.

Arbeidsoppgåver:

  • høgt kvalifiserte sakshandsamingsoppgåver, utgreiings- og utviklingsoppgåver som krev stor grad av sjølvstende og evne til problemløysing
  • budsjett- og økonomistyring
  • gje forskarar støtte i søknads- og budsjettarbeid
  • rapporterings- og analyseoppgåver
  • kvalitetsutvikling innan økonomiområdet
  • stillinga kan innebere oppgåver som krev spesialkompetanse
  • andre oppgåver kan leggast til stillinga

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • relevant mastergrad. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
  • relevant praksis er eit krav
  • gode analytiske eigenskapar
  • erfaring med rapportering og rekneskap og bruk av Excel som analyse- og rapporteringsverktøy
  • det er ein føremon at søkjar har relevant erfaring med økonomisk/administrativt prosjektarbeid og praksis frå nemnde arbeidsområder
  • evne til å uttrykke seg godt skriftleg og munnleg både på norsk og engelsk.
  • Arbeide sjølvstendig, vere initiativrik, serviceinnstilt og flink til å kommunisere
  • vere effektiv, strukturert, målretta, nøyaktig, løysningsorientert og ha god gjennomføringsevne
  • trivast med å samarbeide med andre
  • Ved vurdering av søkjarane vil personlege eigenskapar og kvalifikasjonar som er naudsynte for stillinga, verte sterkt vektlagde

Vi kan tilby:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • Stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 53-57 (for tida kr 464 800 - 497 000) i det statlege lønsregulativet
  • For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Administrasjonssjef Siri Smith på telefon 55 58 63 42 eller e-post Siri.Smith@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS