Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Prosjektøkonom (førstekonsulent)

Søknadsfrist 31.03.2019

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førstekonsulent

Ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er det ledig stilling som prosjektøkonom (førstekonsulent).

Økonomiseksjonen ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet (MN-fakultetet) har 25 medarbeidarar som sitter samla i Realfagbygget og er delt inn i tre temagrupper; totaløkonomi, generell økonomi og prosjektøkonomi. Oppgåva er å levere økonomitenestar og –støtte til fakultetet og alle institutt og sentre knytt til fakultetet.

Til økonomiseksjonen ynskjer vi å rekruttere ein prosjektøkonom. Prosjektøkonomane er knytt til temagruppa prosjektøkonomi. Som prosjektøkonom vil du jobbe tett på forsking og utdanning og våre forskarar/undervisarar i eit mangfaldig og internasjonalt miljø.

Vi søkjer ein sjølvstendig, strukturert og omgjengeleg medarbeidar med god økonomiforståing. Som tilsett vil du få varierte og sjølvstendige arbeidsoppgåver innan økonomifeltet og du rapporterer til leder prosjektøkonomi.

Døme på arbeidsoppgåver som vert definerte under feltet prosjektøkonomi:

  • Støtte og verktøy knytt til eksterne prosjekt i ulike fasar; søknads-, kontrakts-, drifts- og avslutningsfase
  • Gi støtte for å styrke fakultetet si eksterne finansiering
  • Budsjettering og re-budsjettering
  • Koordinering og prosjektoppretting
  • Rekneskapsføring, omposteringar og anna drift
  • Rapportering
  • Avslutning

Utviklingsarbeid og fagleg oppdatering er ein naturleg del av stillinga. Stillinga sitt innhald kan verte endra som følgje av eininga sitt kontinuerlege utviklingsarbeid

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Utdanning på masternivå med relevante fag i fagkrinsen. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • God administrativ IT-kompetanse, særskilt innan Excel er eit krav.
  • Erfaring med støtte til ekstern prosjektinnhenting er ein føremon.
  • Kjennskap til og erfaring frå universitetssystem eller annan høgare utdanning/forvaltning
  • Erfaring frå arbeid med koordinering og teamarbeid
  • Gode skriftlege og munnlege ferdigheitar i norsk og engelsk.

Personlege eigenskapar:

  • Du må ha interesse for tal og ha god økonomiforståing.
  • Analytiske eigenskapar og nødvendig presisjon i arbeidet.
  • Trivst med endring og å ha mange jarn i elden.
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, samt evne til å arbeide sjølvstendig og ta ansvar innan eige ansvarsområde.
  • Initiativrik i høve til nye arbeidsmåtar, system og rutinar.
  • Serviceinnstilt, resultat- og løysingsorientert.

Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn som førstekonsulent etter lønssteg 51 - 55 (kode 1408) i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. Dette utgjer for tida kr 449 400 - 480 600. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn
  • Kompetanse- og karriereutvikling. Gode interne kurstilbod innan økonomi og prosjektadministrasjon
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS