Ledig stilling ved Universitetet i Bergen
Økonomikonsulent / prosjektøkonom (Det samfunnsvitenskapelige fakultet)
Søknadsfrist: 15.08.2019
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Seniorkonsulent
Ved Det samfunnsvitskaplege fakultet er det ledig eit vikariat som økonomikonsulent/prosjektøkonom knytt til fakultetets økonomiseksjon. Vikariatet har ei varigheit på eit år frå 15. september, men det kan verte aktuelt med forlenging. Hovudarbeidsplassen vil være ved Institutt for informasjons- og medievitskap, men du vil og samarbeide tett med dei andre økonomane i fakultetets økonomiseksjon.
Institutt for informasjons- og medievitskap har ein administrativ-/teknisk stab på 13 årsverk med hovudoppgåver innan økonomi, forskingsadministrasjon, studieadministrasjon samt teknisk drift. Det er eit høgt aktivitetsnivå ved instituttet med mange spennande prosjekt og eit godt arbeidsmiljø. For meir informasjon om instituttet sjå http://www.infomedia.uib.no/.
Arbeidsoppgåver:
- Utarbeiding og oppfølging av instituttets årsbudsjett.
- Budsjettering av prosjektsøknader til EU, Noregs Forskingsråd og andre eksterne finansieringskilder
- Økonomioppfølging av eksternt finansierte prosjekt
- Analysearbeid knytt til konkrete prosjekt og til instituttets prosjektportefølje
- Utarbeiding av jamlege rapportar til instituttleiinga, vitskapleg stab og fakultetet
- Vidareutvikle rapportar, styrings- og leiingsverktøy
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Utdanning på mastergradsnivå innan økonomi
- God økonomiforståing
- Relevant praksis
- God administrativ it-kompetanse, det er ein føremon med erfaring med relevante økonomisystem
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- God kompetanse i norsk og engelsk, både munnleg og skriftleg
- Vi ønskjer at du er sjølvstendig, analytisk, strukturert og effektiv
Vi kan tilby:
- Eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver ved eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt.
- Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling.
- Løn som seniorkonsulent (kode 1363), ltr. 57-62. For tide utgjer det mellom 504 700 – 552 800 etter kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det vere aktuelt å vurdere høgare løn.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
- Fleksibel arbeidstid
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
- Ass. fakultetsdirektør Wenche Førre, tlf.: 55 58 91 64 / 41294058, e-post: wenche.forre@uib.no
Søknad, CV, attestar og vitnemål sendast elektronisk via «Søk stillinga».
Søknaden skal merkast 2019/8232
Søknadsfrist: 15. august 2019
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Nærare om tilsettingsprosessen her.