Stilling:

HR-konsulent (seniorkonsulent)

Søknadsfrist 24.03.2019

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

HR-konsulent

Då ein av våre dyktige HR-medarbeidarar går vidare til ei ny og spennande leiarstilling ved Universitetet i Bergen søkjer vi etter hans erstattar – er du vår nye kollega?

Som HR-konsulent inngår du i ein fakultetsadministrasjon på 55 medarbeidarar fordelt på fire seksjonar. Stillinga er knytt til personalseksjonen med 12 medarbeidarar, som rapporterer til seksjonssjefen.

Arbeidsoppgåver:

Som HR-konsulent vil du blant anna bidra med

  • rådgjeving og rettleiing i rekrutteringsprosessar ved fakultetet og institutta
  • sakshandshandsamingsoppgåver i HR-saker
  • utvikling av administrative rutinar innan HR
  • prosjektarbeid
  • generelle administrative oppgåver
  • rapportering og vedlikehald

Administrasjonsoppgåvene ved UiB er under kontinuerleg utvikling, og oppgåvene kan difor verte endra over tid.

Ønskjelege kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha utdanning på masternivå. Tilsvarande kvalifikasjonar kan vere oppnådd gjennom lang og allsidig praksis i sakshandsaming saman med relevant etter- og vidareutdanning.
  • Dokumentert erfaring i sakshandsaming, helst innan HR, er ein føremon.
  • Gode kunnskapar i relevant lov- og avtaleverk.
  • Digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
  • Erfaring frå offentleg forvaltning, og helst universitets- og høgskulesektoren.
  • Gode skriftlege og munnlege ferdigheiter på båe målformar, nynorsk og bokmål, samt på engelsk.
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert, effektivt og målretta.
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • Fleksibel og serviceinnstilt.
  • Raus og inkluderande.

Vi kan tilby

  • spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø, i tillegg til eit godt arbeidsmiljø.
  • stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 55 - 61 (for tida kr 480 600 - 534 100 ) i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • fleksibel arbeidstid
  • gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til seksjonssjef Gunnar Larsen

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS