Stilling:
Førstekonsulent (studiekonsulent) - Det samfunnsvitskaplege fakultet
Søknadsfrist 31.01.2019
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Førstekonsulent
Vi ønskjer deg velkomen som søkjar til ein fast stilling som studiekonsulent ved Det samfunnsvitskaplege fakultet. Stillinga er knytt til vår fellesadministrasjon for dei tre institutta - Sosiologisk institutt, Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap og Institutt for samanliknande politikk, og vil få særleg ansvar for eitt av desse.
Studiekonsulentane er viktige støttespelarar for instituttleiinga og administrasjonssjefen i arbeidet med å rekruttere, behalde og sikre at studentane gjennomfører sitt planlagde studium ved institutta.
For meir informasjon om fakultetet viser vi til: http://www.uib.no/svf/
Arbeidsoppgåver:
- Administrativ støtte til instituttleiinga i utdanningssaker
- Studieplanarbeid, kvalitetssikring og rutineutvikling
- Studierettleiing, rekrutterings- og informasjonsarbeid
- Generell studieadministrativ sakshandsaming
- Legge til rette for den praktiske gjennomføringa av utdanninga; frå undervisnings- til eksamensplanlegging
- Koordinering av seminarundervisninga
- Sekretærfunksjon for undervisingsutval
Den som vert tilsett vil måtte rette seg etter dei retningslinjer som for ein kvar tid gjeld for stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Mastergrad. Det er ein føremon med samfunnsvitskaplege fag i fagkretsen
- Relevant praksis. Det er ein føremon med studieadministrativ praksis
- God administrativ IT-kompetanse. Kjennskap til universitetet sine administrative system er ein føremon
- God evne til å kommunisere skriftleg og munnleg på norsk og engelsk
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Evne til å vere fleksibel, ansvarleg og imøtekommande
- Evne til å arbeide systematisk og resultatorientert
Ved intervju vil det bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi tilbyr:
- Eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver ved eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt.
- Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling.
- Løn som førstekonsulent kode 1408/LR 21 etter hovudtariffavtalene i staten, ltr.51-55 avhengig av tenesteansiennitet. Dette utgjer for tida kr. 449 900 - 480 600. For særs godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse
- Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
- Fleksibel arbeidstid
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte fellesadministrasjonen ved studieleiar Trine Pernille Klokkerud, tlf 55 58 21 34, e-post trine.klokkerud@uib.no eller administrasjonssjef Charlotte Lillefjære-Tertnæs, tlf.: 55 58 24 31, e-post: Charlotte.Lillefjaere@uib.no
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Søknadsfristen er sett til 31. januar 2019
Nærare om tilsettingsprosessen her.