Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Førstekonsulent (studiekonsulent) - Det matematisk-naturvitskaplege fakultet

Søknadsfrist: 02.05.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førstekonsulent (studiekonsulent)

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved studieseksjonen ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er det ledig ei stilling som førstekonsulent frå 1. juni 2019.

Studieseksjonen har ansvar for koordinering, kvalitetssikring og utvikling av det studieadministrative arbeidet ved fakultetet. Seksjonen har også eit koordinerande ansvar for fakultetet sine studieprogram på bachelor-, master- og doktorgradsnivå. I dette inngår mellom anna drift av infosenter for realfagsstudentar, informasjonsarbeid og forvalting av studieplanar. Seksjonen koordinerer også opptak, eksamen, internasjonalisering, rekruttering og mottak av nye studentar.

Vi søkjer ein medarbeidar som skal ha ansvar for internasjonaliseringsarbeidet ved fakultetet. Den som vert tilsett, må arbeide sjølvstendig, men må også vere ein bidragsytar i vårt felles prosjekt for å utvikle og styrke studietilbodet ved fakultetet. Det er venta at den som vert tilsett, skal kunne delta i utviklingsprosjekt innan studiefeltet.

Arbeidsoppgåver:

  • Ansvar for internasjonaliseringsarbeidet ved fakultetet, her under utvikling av fakultetet sitt utvekslingstilbod, informasjonsarbeid i forbindelse med inn- og utveksling, mottak av internasjonale studentar, og rådgjeving og koordinering av internasjonaliseringsarbeidet ut mot fagmiljøa.
  • Ansvar for kvalitetssikring, produksjon og utskriving av vitnemål (kvalifikasjonsarbeid).
  • Sakshandsaming av studiesaker, klagesaker og anna studieadministrativt arbeid.
  • Utgreiingsoppgåver, særleg knytt til internasjonalisering.
  • Prosjektstøtte for seksjonen sine eigne prosjekt som vitnemålsseremoniane og «På veg».
  • Medansvar for mottak av nye studentar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha utdanning på mastergradsnivå. Tilsvarande kvalifikasjonar kan vere oppnådd gjennom lang og allsidig praksis saman med relevant etter- og vidareutdanning.
  • God kjennskap til fakultetet sine studieprogram og emneportefølje.
  • Gode skriftlege og munnlege ferdigheiter på båe målformer, nynorsk og bokmål samt på engelsk.
  • Digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter.
  • Kjennskap til Felles Studentsystem (FS), Mitt UiB og andre IT-plattformar er ein føremon.
  • Relevant praksis og kjennskap til universitets- og høgskulesektoren er ein føremon.
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn som førstekonsulent etter lønssteg 51 - 55 (kode 1408/LR 21.10) i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. Dette utgjer for tida kr 449 400 - kr 480 600. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein får ved å vende seg til:

  • Seksjonssjef Ingrid Christensen, tlf. +47 55 58 47 59

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS