Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Førstekonsulent (programkoordinator) - Det psykologiske fakultet

Søknadsfrist: 15.08.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førstekonsulent

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt/sentre.

Ved studieseksjonen på Det psykologiske fakultet er det ledig ei stilling som 100 % førstekonsulent med tiltredelse snarast mogleg.Stillinga er knytt til studieseksjonen ved fakultetssekretariatet og har sin arbeidsplass i Vektergården, Christiesgt.13. Fakultet skal flytte store deler av virksomheten inn i nye lokaler i 2020 og 2021 og det er igangsatt en prosess for å se på hensiktsmessig organisering av administrasjonen. Dette kan innebære endringer i arbeidssted og stilling.

Førstekonsulenten rapporterar til seksjonssjefen, men vil i det daglege ha gruppeleiar for programkoordinatorane som arbeidsleiar. Studieseksjonen sine hovudansvarsområde innan utdanning er eit overordna administrativt ansvar for å koordinere, kvalitetssikre og utvikle fakultetet sine studieprogram på bachelor-, profesjon- og masternivå. I dette inngår mellom anna eksamens- og kvalifikasjonsarbeid, informasjonsarbeid, studierettleiing, bruk av IT-baserte studieadministrative verkty, studentrekruttering og ekspedisjonsfunksjon for studentane ved fakultetet.

Arbeidsoppgåver:

  • førstelineteneste ved informasjonssenteret ved fakultetet
  • administrativ koordinering av årsstudiet i psykologi og årsstudiet i pedagogikk
  • oppfølging av seminarleiarane for nemnte studiar
  • koordinering av studiestart og studentmottak på fakultetet
  • vedlikehald av nettsider og sosiale medier
  • saksbehandlingsoppgåver, utgreiings- og utviklingsoppgåver som krev stor grad av sjølvstende og problemløysingsevne

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha utdanning på minimum bachelorgrad, eller spesialutdanning tilpassa dei oppgåvene stillinga skal dekkje ved søknadstidspunkt
  • føremon med psykologi eller kommunikasjonsfag i fagkrinsen lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
  • søkjar må ha god administrativ IT-kompetanse
  • søkjar må vere serviceinnstilt
  • utvise nøyaktighet og sjølvstende
  • ein føremon med kjennskap til Felles Studentsystem (FS), elektroniske portalar og timeplanleggingssystem
  • kjennskap og erfaring frå universitetssystemet og offentlig forvaltning er ynskjeleg
  • god evne til å kommunisere skriftleg og munnleg på båe målformer
  • personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn som førstekonsulent etter lønssteg 47 - 53 (kode 1408/LR 21, alt. 6 - 8) i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. Dette utgjer for tida kr 427 800 - 471 600.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Slik kan du søkje:

Søknad med CV og relevante vedlegg, som vitnemål og attestar må lastast opp i JobbNorge ved å klikke på «Søk stillinga». Søknader som vert sende på e-post, og søknader utan vedlegg vert ikkje vurderte. Vi gjer merksam på at søknadar vert vurderte med den informasjonen som ligg føre i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjon er lagt inn innan fristen.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein får ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS