Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Førstekonsulent (administrasjon) - Institutt for fysikk og teknologi

Søknadsfrist: 05.08.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førstekonsulent

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Institutt for fysikk og teknologi er det ledig ei fast stilling som førstekonsulent (administrasjonskonsulent).

Stillinga inngår i ein instituttadministrasjon med 7 medarbeidarar. Administrasjonen skal legge til rette for at det kan drivast forsking, formidling og utdanning av høg kvalitet ved instituttet.

Arbeidsoppgåver:

Vi søkjer ein administrativ medarbeidar som kan utføre et stort spenn av oppgåver på ulike nivå for å bidra til å dekke instituttet sitt heilskaplege behov for administrativ kapasitet innan drift og utvikling.

Aktuelle oppgåver er mellom anna:

  • Ansvar for instituttet sin ekspedisjon (mellom anna post/pakkar, nøklar, mottak av gjester, telefon og andre førespurnader)
  • Bestillingar / innkjøp
  • Forvalting av areal / kontor
  • Informasjonsarbeid
  • Støtte til planlegging og tilrettelegging av arrangement
  • Generell leiarstøtte og kontor-/sakshandsaming-/utviklingsoppgåver innanfor administrasjonen sitt fulle arbeids- og ansvarsområde

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må normalt ha utdanning på bachelorgradsnivå. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • Relevant praksis er eit krav
  • God generell IT-kompetanse er eit krav. Kompetanse innan IT-systema som vert brukt ved UiB er ein føremon.
  • Evne til å kommunisere godt skriftleg og munnleg på både norsk og engelsk er eit krav.
  • Kjennskap til universitets- og høgskulesektoren er ein føremon.

Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli lagt stor vekt på: fleksibilitet, serviceinnstilling, engasjement, initiativ, nøyaktighet, god orden, evne og vilje til å handtere eit stort saksspenn og mange sakar parallelt, sjølvstendigheit, samarbeidsevne og å kunne medverke til eit godt arbeidsmiljø for studentar og tilsette ved instituttet.

Vi tilbyr:

  • Ein triveleg, sosial og spennande internasjonal arbeidsplass med tilsette og studentar frå mange ulike nasjonar
  • Løn som førstekonsulent etter lønssteg 45 - 55 (kode 1408/LR 21) i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. Dette utgjer for tida kr 414 600 - 488 000.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein får ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS