Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Førstekonsulent - Institutt for biologisk og medisinsk psykologi

Søknadsfrist: 01.01.2020

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førstekonsulent

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt/sentre.

Ved Institutt for biologisk og medisinsk psykologi, Det psykologiske fakultet, er det ledig ei 100 % fast stilling som førstekonsulent knytt til nevropsykologisk poliklinikk og studieadministrasjon, med oppstart 01.02.2020.

Stillinga er i dag knytt til Institutt for biologisk og medisinsk psykologi med kontorplass i Jonas Lies vei 91, men har i tillegg oppgåver knytt til fakultetet sin studieseksjon. Fakultet skal flytte store deler av virksomheten inn i nye lokaler i 2020 og 2021 og det er igangsatt en prosess for å se på hensiktsmessig organisering av administrasjonen. Dette kan innebære endringer i arbeidssted og stilling.

Arbeidsoppgåver:

  • oppgåver knytt til klinikkstøtte og klinikkadministrasjon av nevropsykologisk poliklinikk som administrasjon av inntaksmøte og pasientjournalsystem
  • oppgåver knytt til studiesadministrasjonen som rettleiing, opptak, sakshandsaming, timeplanlegging, tilrettelegging for eksamen
  • oppgåver knytt til instituttadministrasjon som ekspedisjonstenester, post, nøkkeloversikt m.m.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjarar må ha høgare utdanning fortrinnsvis på masternivå, eller spesialutdanning tilpassa dei oppgåvene stillinga skal dekkje. Tilsvarande kvalifikasjonar kan i særskilde tilfelle oppnåast gjennom lang og allsidig praksis saman med relevant etter- og vidareutdanning
  • den som vert tilsett må kunne arbeide sjølvstendig og målretta, like å arbeide med mennesker, ha gode samarbeidsevner og vere fleksibel og serviceinnstilt
  • gode kommunikasjonsevner munnleg og skriftleg på båe målføre og på engelsk
  • det er ei føremon med gode datakunnskapar og erfaring med universitetet sine administrative system slik som FS, syllabus, basware og ephorte
  • det er ei føremon med kjennskap og praksis frå universitets- og høgskulesystemet, samt erfaring frå klinikkadministrasjon
  • digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
  • personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn som førstekonsulent etter lønssteg 51 - 55 (kode 1408/LR 21, minimum alternativ 6) i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar.Direkteplassering kan verte aktuelt. Dette utgjer for tida kr 456 000 - 487 600
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Slik kan du søkje:

Søknad, CV og relevante vedlegg, som attestar og vitnemål må lastas opp i Jobbnorge, og sendes elektronisk via lenke på denne sida. Søknader som vert sende på e-post, og søknadar utan vedlegg vert ikkje vurdert.

Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert med den informasjonen som ligg føre i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sittansvar å sørgje for at all informasjon vert lagt inn innan fristen.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein får ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Det blir gjennomført forsøk med anonyme søknader i staten. Anonymisering av søknader skal gjelde den første utsilingsfasen av kandidatar som er aktuelle for intervju. Forsøket skal evaluerast av Difi, som behandlar anonyme opplysningar av tilsetjingsprosessen, og det blir utarbeidd statistikk over resultata av forsøket.

Opplysningar om enkelpersonar blir ikkje levert ut til andre i samband med forsøket og evalueringa, men reglane om innsyn i offentleg søkjarliste og utvida søkjarliste gjeld.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS