Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Administrativ koordinator (seniorkonsulent) - Computional Biology Unit (CBU)

Søknadsfrist: 08.01.2020

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Administrativ koordinator (seniorkonsulent)

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Institutt for informatikk det ledig ei fast stilling som administrativ koordinator (seniorkonsulent) for Computional Biology Unit (CBU).

Om instituttet

Digitalisering av næringsliv, offentleg forvaltning og utdanning gjer at informatikk speler ein stadig viktigare rolle i samfunnsutviklinga. Forsking og utdanning i informatikk er avgjerande for at den digitale transformasjonen av samfunnet skal lykkast. Institutt for informatikk bidreg til dette gjennom sju forskingsgrupper som leverer forsking og utdanning av høg internasjonal kvalitet innan algoritmar, bioinformatikk, maskinlæring, optimering, programmeringsteori, sikker kommunikasjon og visualisering. Alle gruppene har stor eksternfinansiering, blant anna frå Det europeiske forskingsrådet (ERC). Instituttet tilbyr moderne og oppdatert utdanning på bachelor-, master- og ph.d.-nivå. På grunn av den sentrale rolla som informatikk speler i samfunnet, er instituttet i sterk vekst når det gjeld talet på studentar, forskingsretningar og tilsette. Vi har i dag om lag 700 studentar, i overkant 150 tilsette, deriblant 35 førsteamanuensar og professorar og 50 stipendiatar. Vår forsking innan bioinformatikk er gjennom fleire år organisert under vårt tverrfaglege forskingssenter Computational Biology Unit (CBU). Vi har nyleg etablert Center for Data Science (CEDAS) som ein viktig utviding av vår aktivitet innan forsking og utdanning.

Om Computional Biology Unit (CBU)

CBU er eit tverrfagleg forskingssenter som administrativt ligg under Institutt for informatikk. Senteret inkluderer forskarar og teknikarar frå fleire institutt ved UiB, mellom anna kjemi, biovitskap, biomedisin og klinisk. Forskinga dreier seg om alle aspekt av bioinformatikk, dvs reknemessige problemstillingar i molekylær livsvitskap. CBU omfattar omlag 50 medarbeidarar og verksemda er organisert under ti forskingsgrupper samt ei gruppe som tilbyr service til bioinformatikkforskarar i heile Noreg. CBU koordinerer en nasjonal infrastruktur for bioinformatikk – ELIXIR Norway – som er del av den europeiske infrastrukturen ELIXIR. Store delar av verksemda er finansiert av eksterne prosjekter, spesielt frå Noregs Forskingsråd og Trond Mohn Stiftelse.

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåver

Administrativ koordinator har ansvar for dagleg administrasjon av CBU og yt leiarstøtte til fagleg leiar for CBU. Arbeidet krev tett samarbeid med administrasjonssjefen ved Institutt for informatikk, som er næraste overordna, samt samarbeid med studieseksjonen ved Institutt for informatikk. Arbeidsleiar for stillinga på dagleg basis er fagleg leiar for CBU.

Den som vert tilsett vil få ansvar for eit breitt spekter av administrative oppgåver, til dømes:

  • være sekretær for CBU sitt styre, som omfattar utforming av agenda i samråd med fagleg leiar, lage til dokumenter og vedlegg, innkalle til møta og skrive referat
  • bidra til organisering av møter, konferansar og arrangement
  • arealdisponering og lokalt HMS-arbeid
  • økonomistyring i tett samarbeid med fagleg leder, prosjektøkonomane og instituttleiinga
  • halde oversikt over tilsetjingsprosessar og stillingar ved CBU i tett samarbeid med administrasjonssjef og HR-konsulent
  • være administrativt kontaktpunkt for bioinformatikkundervisninga, bidra med administrativ støtte til bachelorprogrammet i bioinformatikk, og formidle kontakt mellom fagpersonar og studieseksjonen
  • bidra med utforming av ulike dokument, som høyringsfråsegn, nominasjon av kandidatar til ulike priser, utval og styre, og rapporter frå komitear leia av fagpersonar ved CBU
  • bidra til aktivitetar som omhandlar kommunikasjon med omverda, rekruttering av studentar og populærvitskapelege framstillingar og utvikling og vedlikehald av nettsider
  • ta del i planlegging og drift av andre aktuelle oppgåver ved CBU
  • andre administrative oppgåver kan også leggjast til stillinga

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Utdanning på mastergradsnivå. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • Relevant praksis frå administrativt arbeid er eit krav
  • Kjennskap til og erfaring frå administrativt arbeid i universitet- høgskule-/instituttsektoren, god organisasjons- og rolleforståing, god forståing for vitskapeleg verksemd og erfaring frå samarbeid mellom institusjonar, er ein føremon.
  • Gode kommunikasjonsevner munnleg og skriftleg på norsk og engelsk er eit krav.
  • Digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter er naudsynt
  • I vurderinga av søkjarane vert det lagt stor vekt på dei personlege kvalifikasjonane som trengst i stillinga:

- gode samarbeidsevner

- evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta

- evne til å organisere, koordinere og prioritere eit bredt spekter av oppgåver

- fleksibel og serviceorientert

- evne til å trivast i ein hektisk arbeidskvardag i eit internasjonalt miljø, til tider med stort arbeidspress

Vi kan tilby

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 53 - 57 (for tida kr 472 000 - 504 700 ) i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Administrasjonssjef Linda Vagtskjold, eller leiar for CBU, Professor Inge Jonassen

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Det gjennomføres forsøk med anonyme søknader i staten. Anonymiseringen av søknader skal gjelde den første utsilingsfasen av aktuelle kandidater som er aktuelle for intervju. Forsøket evalueres av Difi, som behandler anonyme opplysninger om ansettelsesprosessen og det blir utarbeidet en statistikk over resultatet av forsøket. Opplysninger om enkeltpersoner vil ikke bli utlevert til andre i forbindelse med forsøket og evalueringen, men reglene om innsyn i offentlig søkerliste og utvidet søkerliste gjelder.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS