Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Studiekonsulent (seniorkonsulent) - Institutt for framandspråk

Søknadsfrist: 08.08.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Seniorkonsulent

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Institutt for framandspråk er det ledig ei full stilling som studiekonsulent (seniorkonsulent) i administrasjonen. Tilsetjinga er vikariat frå 1. september, eller så snart som råd etter, og fram til 31. desember 2019. Stillinga kan bli gjort fast frå 1. januar 2020.

Instituttet har ni fag: arabisk, engelsk, fransk, italiensk, japansk, kinesisk, russisk, spansk språk og latinamerikastudium, tysk. Staben har over femti fast vitskapleg tilsette, fem postdoktorar, om lag 25 stipendiatar og ti administrativt tilsette. Meir informasjon om instituttet ligg på www.uib.no/fremmedsprak.

Målsetjinga for administrasjonen er å leggje til rette for utdanning, forsking og formidling av høg kvalitet. Stillinga som studiekonsulent inngår i instituttadministrasjonen der administrasjonssjefen er dagleg leiar. Sju av desse stillingane er knytte til studiesida av administrasjonen, og studieleiar er arbeidsleiar for denne gruppa. Studiekonsulenten samarbeider nært med studieadministrativt tilsette ved instituttet og fakultetet.

Arbeidsoppgåver:

  • sakshandsaming og studierettleiing
  • fagutvikling og rådgjeving
  • sekretær for programstyra på dei aktuelle faga
  • studentrekruttering og informasjonsarbeid
  • arrangement og prosjektarbeid
  • eksamens- og timeplanleggingsansvar for eitt av faga

Stillinga har eit særleg ansvar for faga arabisk, italiensk og spansk.

Det kan kome endringar i oppgåvene og nye arbeidsfelt. Alle i administrasjonen må dessutan rekne med å ta del i andre administrative oppgåver enn dei som er lista opp over.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • mastergrad (lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning)
  • relevant praksis frå administrativt arbeid innan høgare utdanning, helst med studieadministrasjon
  • gode evner til å kommunisere skriftleg og munnleg
  • evne til å uttrykkje seg godt på engelsk og norsk (inkludert skriftleg på engelsk, nynorsk og bokmål)
  • motivasjon for stillinga og kjennskap til og interesse for faga ved instituttet
  • effektivitet
  • sjølvstende
  • fleksibilitet og gode samarbeidsevner
  • evne til å gjennomføre arbeidsoppgåvene

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • stilling som seniorkonsulent (kode 1363), lønn tilsvarande lønssteg 55 - 59, for tida kr. 487.600 – 522.800 brutto i året. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare lønn
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Du får vite meir om stillinga om du kontaktar:

  • Studieleiar Silje Grønner Stang på tlf. 55 58 93 75 eller e-post silje.stang@uib.no, eller
  • Administrasjonssjef Arve Kjell Uthaug på tlf. 55 58 22 81 eller e-post arve.uthaug@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Send søknad og CV elektronisk via «SØK STILLINGEN» på denne sida. Kopi av vitnemål og attestar skal berre sendast dersom du får melding om det.

Søknadsfrist: 08.08.2019

Merk søknaden: 19/8045

SØK STILLINGEN

Powered by Labrador CMS