Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Seniorkonsulent / rådgjevar forskingsadministrasjon (Det juridiske fakultet)

Søknadsfrist 22.04.2019

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det juridiske fakultet - Les meir om fakultet her.

Vil du vere med på å auke den eksternfinansierte forskingsaktiviteten ved Det juridiske fakultet?

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Seniorkonsulent/rådgjevar forskingsadministrasjon

Ved det juridiske fakultet er det ledig ei nyoppretta fast stilling som seniorkonsulent/rådgjevar. Vi ønskjer fleire eksternfinansierte forskingsprosjekt. Som vår nye seniorkonsulent/rådgjevar vil du bidra aktivt til arbeidet med å sikre at fakultetet lukkast betre i konkurranse om eksterne forskingsmidlar og auke prosjektsporteføljen. Du vil vere ein del av administrasjonens forskingsadministrative team og arbeide tett saman med fagleg leiing i oppfølging av forskingsstrategiar. Du vil og jobba saman med enkeltforskarar og forskingsmiljø i utvikling av nye forskingsprosjekt og med å følgje oppnådde forskingsprosjekt vel i hamn. Den som vert tilsett kan få andre oppgåver som ikkje direkte er knytt til forskingvirksomheten.

Arbeidsoppgåver

  • Informere fagmiljøa om relevante nasjonale og internasjonale finansieringskjelder og satsingar
  • Motivere forskarar til å søkje eksternfinanserte prosjekt
  • Delta i søknadsskrivinga
  • Støtte forskarar i oppstart av nye prosjekt og med rapporteringar i driftsfasa
  • Utarbeide oversikter, analyser og rapportar for leiinga
  • Gjere utgreiingar sjølvstendig og i team, skrive saksframstillingar til utval og fakultetsstyret
  • Bidra med informasjon og forskingsrelevante saker til fakultetet sine nettsider og digitale nyheitsbrev

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Relevant høgare utdanning, helst på masternivå. Det er ikkje naudsynt med juridiske emne i graden
  • Kunnskap om nasjonale og internasjonale finansieringskjelder og forskingsprogram og om rammevilkåra i universitetssektoren
  • Kompetanse innan prosjektadministrasjon/leiing, inkludert grunnleggande budsjettering og økonomiforvaltning
  • Erfaring frå offentleg forvaltning inkludert utgreiingar, analysar og det å støtte ei fagleg eller politisk leiing
  • Gode kommunikasjonsevner. Du kan formulere deg godt skriftleg og munnleg både på engelsk, nynorsk og bokmål
  • Relevant, praktisk og god administrativ IT-kompetanse
  • Evne til å prioritere mellom oppgåver og trivst med å halde orden på parallelle arbeidsprosessar og mange aktivitetar samstundes
  • Evne til å tenke strategisk, sjå behov og ta initiativ
  • Vilje til å bidra til det faglege og sosiale fellesskapet

Vi søkjer deg som er ein god relasjonsbyggjar med evne til å motivere både deg sjølv og andre, og som vil vere med oss å utvikle den eksternfinansierte forskingsaktiviteten ved Det juridiske fakultet.

Relevant praksis og personlege eigenskapar naudsynte for stillinga vil bli særskild vektlagt.

Vi tilbyr

  • Fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar, mellom anna trening i arbeidstida
  • Varierte og fagleg utfordrande oppgåver, sjølvstendig ansvar og gode moglegheiter for utvikling
  • Hyggelege og dyktige kollegaer og eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Lån-, pensjons- og forsikringsordning i Statens pensjonskasse
  • Stilling som seniorkonsulent/rådgjevar (kode 1363/1434) i lønssteg 56 - 62 (for tida kr. 488 500 – 544 400) i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan ein vurdere høgare løn.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan du få ved å vende deg til:

  • Fakultetsdirektør Øystein L. Iversen, tlf.: 945 03 953, e-post: Oystein.Iversen@uib.no, eller
  • Seniorrådgjevar Randi Sæbøe,tlf.: 55 58 95 39, e-post: Randi.Saboe@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Velkommen som søkjar!

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS