Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Instituttleiar - Institutt for klinisk odontologi

Søknadsfrist: 24.05.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Instituttleiar - Institutt for klinisk odontologi

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Det medisinske fakultet er det ledig ei fagleg spanande og utfordrande åremålsstilling (4 år) som instituttleiar (professor) ved Institutt for klinisk odontologi.

Instituttleiar rapporterer til dekan og inngår i fakultetet si leiargruppe.

Institutt for klinisk odontologi er eit av fem institutt ved Det medisinske fakultet. Instituttet driv forsking, forskarutdanning, formidling og utdanning av tannlegar og tannpleiarar, i tillegg til spesialist-/spesialutdanning i kliniske odontologiske fag. Instituttet har óg ein odontologisk universitetsklinikk som består av studentklinikk og spesialistutdanningsklinikk. Odontologisk universitetsklinikk er ein integrert del av instituttet, med 146 tannlegestolar for pasientbehandling, i tillegg til eit øvingslaboratorium med avansert opplæringsutstyr. Odontologisk universitetsklinikk behandlar omlag 400 pasientar dagleg og er ein stor arena for klinisk odontologisk forsking.

Instituttet har om lag 198 tilsette fordelt på 179 årsverk, med 31 personar i vitskaplege hovudstillingar. Av dei 179 årsverka er 143 årsverk på universitetsklinikken. Samla budsjett ligg på 125 millionar kroner. Instituttadministrasjonen består av 11 personar og gjev administrativ støtte til fagmiljø innan studieadministrasjon, økonomiforvaltning, prosjektstyring, forskingsadministrasjon og forskarutdanning.

Instituttet driv grunnforsking, klinisk- og epidemiologisk forsking i samarbeid med andre universitetsmiljø og Den offentlege tannhelsetenesta, og har eit moderne og velutstyrt forskingslaboratorium. Instituttet driv også rettleiing og undervisning på høgt internasjonalt nivå og har viktige oppgåver innan odontologi, mastergrads- og doktorgradsutdanning.

Arbeidsoppgåver:

  • utøve leiarskap i tråd med fakultetet sin strategi, leggje til rette for og stimulere til gode forskingsmiljø og høg kvalitet i utdanningane, dertil å inspirere og motivere tilsette og studentar til fagleg utvikling
  • bidra til fakultetet sine strategiar og sørgje for at instituttet har oppdaterte strategiar for instituttet si verksemd og sørgje for at ressursar ved instituttet vert nytta i samsvar med desse
  • sørgje for veleigna teknisk-administrative tenester og for effektiv drift av verksemda
  • yte sitt til at instituttet har tilstrekkelege budsjettmessige økonomiske rammer, og leggje til rette for å auke verksemda som er basert på tilskot og finansiering av oppdrag, i tillegg til å sikre fullfinansiering av denne verksemda
  • fremje eksternt og internt samarbeid
  • utøve personalansvar for tilsette ved instituttet, ta i bruk relevante leiingsverkty, og ha ansvar for resultat innan utdanning, forsking, forskarutdanning, økonomistyring, administrasjon og formidling
  • arbeide målretta for ein betra kjønnsbalanse i dei vitskaplege stillingane ved instituttet
  • ein forventar at det vert lagt fram ein handlingsplan for utvikling av instituttet i perioden

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • leiande fagleg kompetanse innan eit eller fleire av dei fagfelt som instituttet har eit særleg ansvar for
  • har erfaring med å leie fagleg verksemd innan universitetssektoren og som kan vise til oppnådde resultat
  • er internasjonalt framståande forskar med relevant professorkompetanse
  • har gode evner til kommunikasjon, dertil evne til å skape tillit og byggje nettverk internt og eksternt
  • har god innsikt i kunnskapsorganisasjonar og dei krav som vert stilt til administrative tenester og god økonomistyring
  • har ein motiverande og inkluderande leiarstil prega av samarbeid, medverknad og dialog
  • den som vert tilsett må kunne norsk eller eit anna skandinavisk språk

Det er eit ynskje at leiarskapet vert kombinert med eigen forskingsaktivitet. Universitetet i Bergen, og Det medisinske fakultet kan tilby eit konkurransedyktig fagmiljø og ein infrastruktur og utstyrspark, som er i internasjonal klasse. Vi legg til rette for instituttleiar sin forskingsaktivitet og leiarutvikling. Eit nært samarbeid med helseføretaka og primærhelsetenesta er av stor verdi for vår forskings- og undervisningsaktivitet.

Vi tilbyr:

  • eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
  • faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • løn i lønssteg 88-91 (kode 1475), p.t. bruttoløn kr. 1 001 400 -1 069 500 i lønsregulativet til staten, i særskilte tilfelle kan høgare løn vurderast
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • til instituttleiarstillinga er det og knytt midlar til ei rekrutteringsstilling (stipendiat eller postdoktor)
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV med fullstendig oversikt over utdanning og erfaring
  • vitnemål og attestar
  • fullstendig publikasjonsliste med informasjon om kvar desse er publiserte
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga får ein ved å vende seg til:

  • Dekan Per Bakke, tlf.: 55 58 20 87 / 992 04 032, e-post: per.bakke@uib.no eller
  • Fakultetsdirektør Heidi Annette Espedal, tlf.: 55 58 65 55 / 988 03 681, e-post: heidi.annette.espedal@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS