Stilling:

Overingeniør - Institutt for biovitskap (BIO)

Søknadsfrist 14. desember 2018

Ved Institutt for biovitskap (BIO) (www.uib.no/bio) er det ledig ei fast stilling (100 %) som overingeniør knytt til faggruppa Evolusjon og Økologi. Eit av hovudtema for forskinga som stillinga vert knytt opp mot er korleis, og kvifor, økosystem endrar seg over tid. Vi er særskilt opptatt av å forstå dei samla effektane av naturleg økologisk variasjon og menneskeleg påverknad på økosystema, og korleis desse effektane varierer i tid og rom. I forskinga nytter vi eit bredt spekter av vitskaplege metodar, frå økologiske feltstudiar og eksperiment, via paleoøkologiske teknikkar, til datafangst frå digitale kjelder og modellering til å undersøke desse samanhengane.

Faggruppa har til saman om lag 40 tilsette fordelt på fast vitskaplege-, postdoktor-, stipendiat- og tekniske stillingar innanfor felta evolusjon og økologi. Forskinga er prosjektbasert, og aktiviteten inn mot spesifikke problemstillingar, metodar, organismegrupper, økologiske miljø og geografiske område varierer derfor over tid, basert på fagleg utvikling i gruppa og tilgang på ekstern forskingsfinansiering inn mot ulike forskingsfelt og tema. For ei oversikt over pågåande prosjekt, sjå heimesida til BIO.

Stillinga som overingeniør vil være knytt til dei pågåande eksternt finansierte forskingsprosjekta i gruppa. Sentrale oppgåver vil vere forskjellig typar av økologisk og paleoøkologisk felt- og laboratoriearbeid, prosjektdrift og bearbeiding av innsamla materiale.

Aktuelle arbeidsoppgåver er:

  • Dei tre fyrste åra vil hovuddelen av arbeidet vere knytt til MILJØFORSK-prosjektet TradMod, inneberande drifting av feltarbeid og datafangst i samarbeid med ph.d.-kandidatar og andre prosjektmedlemmar.
  • Opparbeiding av data, inkludert enkle analysar og databasearbeid.
  • Feltarbeid, inkludert leiing og drift av eksperiment, innsamling og identifisering av plantemateriale, innsamling av prøvar og data frå terrestre og limniske habitat.
  • Laboratoriearbeid, inkludert igangsetjing og gjennomføring av økologiske eksperiment, opparbeiding av biologisk materiale, bruk av standard økologiske og paleoøkologiske laboratoriemetodar.
  • Dagleg prosjektdrift av eksterne prosjekt.
  • Assistere i undervisninga ved instituttet, særleg i forbindelse med felt- og laboratoriekurs.

Kvalifikasjonar:

  • Høgre utdanning på masternivå frå universitet eller høgskule innan økologi, paleoøkologi eller tilsvarande relevant utdanning.
  • Erfaring frå relevant økologisk felt- og/eller laboratorie-arbeid.
  • Kunnskap om og interesse for identifisering av planter, først og fremst av skandinaviske karplanter, men kunnskap om andre plante- og dyregrupper i tillegg vil vere ein føremon.
  • Ferdigheiter i bruk av databasar, enkle statistiske analysar, GIS eller andre relevante dataverktøy vil og være ein føremon.
  • Det er ein føremon med erfaring frå eit eller fleire av følgjande område: gjennomføring av økologisk feltarbeid eller eksperiment, opparbeiding av biologisk materiale og bruk av standard økologiske og paleoøkologiske laboratoriemetodar.

Personlege eigenskapar:

  • Evne til å arbeide sjølvstendig og løysings- og resultatorientert.
  • Positiv innstilling til arbeid i felt under varierande forhold.
  • Nøyaktigheit i arbeidet i felt og på laboratoriet.
  • Evne og vilje til å tileigne seg ny kunnskap.
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.

Språk - både skriftleg og munnleg

Gode ferdigheiter i norsk og engelsk er eit føremonn.

Vi kan tilby:

  • Spennande og varierte arbeidsoppgåver i eit internasjonalt anerkjent fagmiljø.
  • Moglegheiter for deltaking i feltarbeid, både lokalt og internasjonalt.
  • Arbeid i ei fagleg god og sosialt velfungerande faggruppe.
  • Moglegheit til fagleg og personleg utvikling og utstrakt kontakt med andre fagmiljø.
  • Overingeniørar vert løna etter lønssteg 53 - 58 (kode 1087 etter tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Gode velferdsordningar.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan en få ved å vende seg til:

  • Førsteamanuensis Anne E. Bjune, tlf. 55 58 33 35/ e-post anne.bjune@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn vert oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan verte gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Send søknad med CV, vitnemål og attestar elektronisk via ved å klikke på knappen merkt «SØK STILLINGEN» på denne sida. Søknader sende på e-post vil ikkje verte vurderte.

SØK STILLINGEN

Powered by Labrador CMS