Stilling:

Avdelingsingeniør (Institutt for biovitskap)

Søknadsfrist 04.03.2019

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Avdelingsingeniør - ernæringsfysiologi hos Atlantisk laks

Ved Institutt for biovitskap er det ledig ei stilling som avdelingsingeniør i 12 månader. Stillinga er knytt til forskingsgruppa Marin utviklingsbiologi, og er finansiert av prosjekta «LeuSENSE - Exploring leucine’s role in feed intake and growth under stress: from sensing to action» og "QMAR- Unlocking the nutritional and technical quality potential of marine rest-raw materials in sustainable salmon feeds ".

Arbeidsoppgåver:

Vi søkjer å rekruttere ein avdelingsingeniør for å jobbe i laboratoriet til forskingsgruppa Marin utviklingsbiologi med målingar av korleis fôringrediensar påverkar signalvegar i tarm-hjerne aksen hos atlantisk laks.

Kandidaten vil være med å utvikle og drive ein in vitro-cellebasert analyse for å karakterisera kjemiske reseptorer (Nutrient sensors; G-protein-koblede reseptorer). Arbeidet inkluderer også kloning og utføring av genekspresjonsanalyse ved bruk av qPCR for kandidatgener. I tillegg må kandidaten regelmessig delta i eksperiment og kjøre fiskeforsøk. Det overordna målet med forskinga er å auke kunnskapen om korleis fôret sin samansetning påverkar tarm-hjerne signalveiane. Arbeidet fokuserer hovudsakleg på effekt av protein og aminosyrer, men vil også inkludere feittsyrer.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkarar må ha eit mastergradsnivå innan fysiologi, ernæring, molekylærbiologi, biokjemi, biologi eller et relevant felt.
  • Erfaring i molekylære og cellebiologiske metodar er naudsynt.
  • Tidlegare arbeid med G-protein-kopla reseptorer og reseptorbindingsanalyser er ein fordel.
  • Kunnskap og erfaring i sterile og cellekulturteknikkar, transfeksjonsmetodar, kloning, PCR og qPCR vil bli vektlagt. Erfaring med fiskeforsøk (helst atlantisk laks), ISH, elektroforese og western blot er ein fordel.
  • Erfaring i laboratoriearbeid generelt vil bli lagt vekt på, inkludert generelle laboratorieregler og utstyr som CO2-inkubatorer,»laminar flow hood», sentrifuger og avfallshandtering.
  • Kandidaten skal vere svært motivert, kunne jobbe sjølvstendig og i team og ha svært gode organisatoriske ferdigheter.
  • Den som vert tilsett er ansvarlig for å yte teknisk støtte til prosjekta som går i laboratoriet.
  • Dersom andre kvalifikasjonar elles er like, vil ein føretrekke kandidatar som kan starte på kort varsel.
  • Ferdighet i både skriftlig og munnleg engelsk. Norsk er ein fordel.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn som avdelingsingeniør etter lønstrinn 51 - 53 (kode 1085/LR 22, alternativ 9 - 11) i det statlege lønsregulativ, avhengig av ansiennitet og kvalifikasjonar. Dette utgjer for tida kr 449 400 - 464 800
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine metodologiske- laboratorie- og forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga, med bakgrunn i Kvalifikasjonar og eigenskapar
  • namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål
  • relevante attestar
  • eventuelle relevanter publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Ivar Rønnestad (Ivar.Ronnestad@uib.no), Institutt for biovitenskap. Tlf: 55583586

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS