Stilling:

Avdelingsingeniør (Institutt for biovitenskap)

Søknadsfrist 18. desember 2018

Ved Institutt for Biovitenskap (www.uib.no/bio) er det ledig ei fast stilling som avdelingsingeniør. Dei første 3 åra er stillinga knytt til prosjektet ” Effekter av behandling mot lakselus, amøbegjellesykdom (AGD), og notrengjøring på gjellehelse hos laks i oppdrett finansiert av Fiskeri- og havbruksnæringens forskingsfond (FHF, Prosjektnummer 901514). Stillinga inngår i Fiskesjukdomsgruppa. Meir informasjon om Fiskesjukdomsgruppa finn du på http://www.uib.no/fg/fsg .

Ved instituttet er det ei ordning med beredskapsvakt for Levendedyrlaboratoria. Avdelingsingeniøren må vere budd på å delta i vaktlaget for denne ordninga.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

  • Arbeidsoppgåvene er feltarbeid og prøvetaking av vev frå laks i oppdrett
  • Real time RT PCR analyser av vev med henblikk på tilstedeværelse av kjente mikroparasitter (virus, bakterier og parasitter).
  • PCR og sekvensering
  • Identifisering og telling av lakselus.

Kvalifikasjonar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad innan fiskehelse eller nærliggjande fagfelt som er relevante for stillinga.
  • Erfaring med prosjektarbeid er ein fordel
  • Erfaring frå lakseoppdrett er ein fordel
  • Nytte engelsk skriftleg og munnleg
  • Gode norskkunnskapar skriftleg og munnleg
  • Erfaring med real time RT PCR og sekvensering er eit krav
  • Kandidaten må ha sertifikat for bil

Personlege eigenskapar:

  • arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • løysnings- og resultatorientert i tråd med krava for ulike oppgåver og ansvarsområde
  • evne og vilje til å løyse tekniske/metodiske utfordringar, handtere utfordringar raskt, og effektivt løyse komplekse problemstillingar
  • evne til å tilpasse seg nye arbeidsoppgåver (f.eks. opparbeiding og preparering av histologiske snitt)
  • ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn som avdelingsingeniør etter lønnssteg 51- 55 (kode 1085/LR 22) i det statlege lønsregulativ, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. Dette utgjer for tida kr 449 400 – 480 600.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar
  • Spennande arbeidsoppgåver i eit internasjonalt anerkjent og tverrfaglig miljø
  • Tilknyting til ein god fagleg og sosialt velfungerande forskingsgruppe
  • Moglegheit til fagleg og personleg utvikling og utstrakt kontakt med andre fagmiljø

Les meir om kva UiB kan tilby som arbeidsplass:

http://www.uib.no/poa/karriere-ved-uib

Generell informasjon:

Utfyllande opplysingar om stillinga kan en få ved å vende seg til:

  • Professor Are Nylund, Institutt for biologi, tlf: +47 55584444 / e-post: Are.Nylund@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing. Personar med innvandrarbakgrunn og nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli oppført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som blir tilsett må rette seg etter de retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS