Stilling:

Drift av museums IT – avdelingsingeniør / overingeniør / senioringeniør

Søknadsfrist 07.02.2019

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om IT-avdelinga her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Avdelingsingeniør/Overingeniør/Senioringeniør

Ved IT-avdelinga, Faggruppe for Samhandlings- og Undervisningsteknologi, er det ledig ei fast stilling som avdelingsingeniør/overingeniør/senioringeniør knytt til utvikling og drift av IT-løysingar ved UiB sitt nyrenoverte Universitetsmuseum, Muséplass 3. Stillinga kan også verte tillagt oppgåver med utvikling og drift av IT-løysingar for anna museumsdrift ved UiB samt oppgåver knytta til generell drift av løysingar for AV og anna undervisningsteknologi.

Universitetsmuséet på Muséplass 3 skal vere UiB sitt flaggskip innan museum og ein spanande og lærerik plass å vitje for skuleklassar og anna publikum. Den som vert tilsett må være ein god bidragsytar for å skapa den rette wow-effekten og kunne tenke kreative løysingar der IT kan gjere museumsopplevinga betre.

IT-avdelinga sitt oppdrag er å levere gode IT-tenester og bidra til at UiB når sine mål. Vi leverer eit breitt spekter av IT-tenester innan utvikling, drift, forvaltning og brukarstøtte. IT-avdelinga har om lag 110 tilsette, i tillegg til lærlingar og deltidstilsette studentar. IT-avdelinga legg vekt på kontinuerleg forbetring med Lean-metodikk og nyttar ITIL-rammeverket for organisering av tenesteleveransar. Vi arbeider i stadig større grad i prosjekt og har tatt i bruk standard metodikk for dette.

Arbeidsoppgåver:

  • Drift, oppsett og vidareutvikling av museums-IT ved UiB
  • Drift og vidareutvikling av AV og undervisningsteknologi ved UiB
  • Konfigurasjonsstyring, sikring og robustisering av løysingane du har ansvar for
  • Feilsøking og feilretting på tenesta.
  • Dokumentasjon av teneste og rutinar

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Grunnkompetanse innan AV, nettverk og IT.
  • Kreativ og flink til å tenke utanfor boksen.
  • Gjerne god kunnskap om emne som IOT, trådlaus kommunikasjon, brukargrensesnitt, applikasjonsdrift, lokasjonstenester, mobile appar og konfigurasjon av slike.
  • Sjølvstendig, strukturert og kan arbeide i team.
  • Interesse for brukarinteraksjon.
  • Interesse for kunnskapsformidling
  • Likar å jobbe med ny teknologi og tileigne deg ny kunnskap.
  • Oppteken av å finne gode løysingar og har god arbeidskapasitet.
  • For å bli tilsett som avdelingsingeniør må du ha bachelor-, ingeniørutdanning eller tilsvarande; for å bli tilsett som overingeniør eller senioringeniør utdanning på mastergradsnivå innanfor relevant fagområde. Tilsvarande kvalifikasjonar oppnådd ved relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan kompensere for manglande formell utdanning
  • Må kunne kommunisere godt munnleg og skriftleg på norsk og engelsk

Vi vil leggje spesiell vekt på personlege eigenskapar som gjer søkjarane skikka til stillinga.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Ein kunnskapsrik og engasjert organisasjon med deltaking i mange spennande aktivitetar og brei kontakt med brukarane ved universitetet.
  • Lønn som avdelingsingeniør (kode 1085) ltr 46 – 54 (for tida 415.100 – 472.300) , overingeniør (kode 1087) ltr 53-60 (for tida kr 464 800- 524 200) eller senioringeniør (kode 1181) ltr 58-68 (for tida kr 505 800 - 607 700) etter kvalifikasjonar i det statlege lønsregulativet. For spesielt kvalifiserte søkare, kan det verte aktuelt med høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Fleksitid og gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Seksjonsleiar Jan Kristian Walde Johnsen(jan.johnsen@uib.no, mobil 917 15 378) eller
  • Gruppeleiar Bjørn Tore Sund (bjorn.sund@uib.nomobil 91 86 80 75)

Dei som blir tilsett kan få andre arbeidsoppgåver innan avdelinga sine arbeidsområder

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS