Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Senioringeniør ved SFF Centre for Cancer Biomarkers (CCBIO)

Søknadsfrist: 22.04.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Senioringeniør ved SFF Centre for Cancer Biomarkers (CCBIO)

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Senter for framifrå forsking (SFF) Centre for Cancer Biomarkers CCBIO, ved Klinisk institutt 1, Det medisinske fakultet, Universitetet i Bergen, er det ledig ei fast stilling som senioringeniør frå mai 2019. Stillinga er finansiert 50 % av Universitetet i Bergen og 50 % prosjektfinansiert av Kreftforeninga / Noregs forskingsråd.

Om CCBIO

CCBIO (ccbio.no ) leiast av professor Lars A. Akslen og arbeider med biomarkørar for å oppnå ei betre forståing av kreftsvulstar og meir presis kreftbehandling. Forskarane har eit særleg fokus på mekanismar og markørar knytt til korleis svulstar veks, samhandlinga mellom svulstar og mikromiljøet, og korleis dette påverkar kreftspreiing og dårlig prognose. Forskingsaktiviteten er organisert i fire program: basale studie og dyre-modellar (Program 1), kartlegging og validering av nye biomarkørar (Program 2), kliniske studiar (Program 3), og studiar av etiske-, økonomiske- og prioriteringsmessige problemstillingar (Program 4). CCBIO har ein sterk internasjonal profil og samarbeidspartnerar på verdsbasis. Stillinga vil vere innan Program 2. Meir om CCBIO.

Arbeidsoppgåver:

  • Ei hovudoppgåve for stillinga som senioringeniør er å vere knytt til avansert og kompleks proteinanalyse av humane vevsprøver, og materiale frå cellemodellar og dyremodellar.
  • Senioringeniøren skal arbeide med avanserte teknikkar som massespektroskopibasert proteomikk og CYTOF-basert deep tissue analysis (imaging cytometry) så vel som andre molekylære metodar som PCR, western blot og ELISA.
  • Oppgåver innan laser mikrodisseksjon, cellekulturarbeid og dyrestudiar vil verte aktuelt.

Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha relevant PhD innanfor molekylærbiologi, cellebiologi eller tilsvarande, og kunne dokumentere praksis med direkte relevans for arbeidsoppgåvene.
  • Dokumentert erfaring med metodar for massespektroskopi-basert kvantitativ proteinanalyse av vev samt tilhøyrande teknikkar er eit krav.
  • Gjennomført postdoktor innan relevant felt med relevante metodar er sterkt ønskjeleg.
  • Kunnskap om og erfaring med CYTOF-basert deep tissue analysis er sterkt ønskjeleg
  • Dokumentert erfaring med morfologiske teknikkar og molekylære analysemetodar (PCR-baserte analyser, ELISA, Western blot, mikromatrisedata) er sterkt ønskjeleg.
  • Erfaring med cellekulturarbeid og dyrestudiar vil vere ein fordel. Den som vert tilsett må ikkje være allergisk mot dyr eller kjemikaliar i ein grad som vil påverke arbeidet.
  • Personlege eigenskapar vil verte vektlagt. Den som vert tilsett må kunne arbeide sjølvstendig, vere sterkt motivert for prosjektet, i stand til å samarbeide med forskarar og anna personell, vere fleksibel, ha god evne til problemløysing samt ha gode evner til samarbeid og kommunikasjon og vere serviceinnstilt og imøtekomande.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk er eit krav.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Stilling som senioringeniør (kode 1181) i lønssteg 58-62 (for tida kr 505 800 - 544 400). For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Følgjande premiss er lagt til grunn for 50 % av stillinga som er prosjektfinansiert av Kreftforeninga / Noregs forskingsråd:

  • senioringeniøren skal vere medlem i forskingsgruppa som fagfeltet høyrer inn under
  • lønsutgifter skal så langt som mogleg vere eksternt finansiert
  • instituttleiar kan pålegge senioringeniøren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Senterleiar professor Lars A. Akslen, e-post: Lars.Akslen@uib.no, telefon: +47 55973182

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS