Stilling:

Utviklar (overingeniør) - Universitetsbiblioteket

Søknadsfrist 27.01.2019

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Universitetsbiblioteket (UB) yter informasjonstenester av høg kvalitet for å støtte forsking, undervisning, formidling og vitskapleg publisering ved Universitetet i Bergen. UB gjev studentar og vitskapleg tilsette tilgang til kunnskapskjelder, og gjev undervisning og rettleiing i informasjonskompetanse. Vidare utviklar og driftar UB digital forskingsinfrastruktur, med særlig vekt på tenester som fremjar open vitskap. Les meir om Universitetsbiblioteket her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Om stillinga

Ved Universitetsbiblioteket er det ledig fast 100% stilling som overingeniør (kode 1087). Stillinga er for tida knytt til Seksjon for utdannings- og forskingsstøtte ved faggruppe Digital utvikling.

Faggruppa arbeider med eigenutvikla digitale humaniora-tenester og forskingsinfrastruktur, basert på semantisk teknologi. Marcus (http://marcus.uib.no) er ein av fleire applikasjonar du vil være med å utvikle. Faggruppa deler sine prosjekt opent på UiBs gitservar: https://git.app.uib.no/uib-ub. Vi søker ein engasjert utviklar til å jobbe med open kjeldekode, sky-løysingar og spanande ny teknologi.

Arbeidsoppgåver:

  • Utvikle og drifte infrastruktur og digitale tenester for utdanning, forsking og formidling.
  • Arbeid med semantiske teknologiar.
  • Utvikling av moderne fullstack Javascript-applikasjonar.
  • Grunnleggjande drift av tekniske tenester.
  • Delta i verksemda elles.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Normalt mastergrad i kombinasjon med relevant praksis og/eller spesialkompetanse tilpassa stillingas funksjonar. Det er ein fordel med informasjonsvitskap eller -teknologi i fagkrinsen.
  • Fordel med kjennskap til Javascript/Typescript, Node.js, Angular eller tilsvarande webrammeverk (React, Vue, o.l.).
  • Fordel med kjennskap til Linked data og semantisk teknologi: RDF, SPARQL, OWL, JSON-LD, grafdatabasar.
  • Fordel med erfaring med versjonshandtering, testing (CI/CD) og dokumentasjon.
  • Fordel med erfaring frå sjølvstendig utviklingsarbeid.
  • Systematisk og kreativ, og med god gjennomføringsevne.
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • God munnleg og skriftleg formuleringsevne på norsk og engelsk.

Ved vurdering av søkjarane vil det bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer.
  • Spennande og motiverande kontakt med fagmiljø ved UiB.
  • Løn som overingeniør etter lønssteg 53- 60 (kode 1087) i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. Dette utgjer for tida kr. 464 400 – kr. 523 800. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Fleksibel arbeidstid.
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Gode velferdsordningar.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Seksjonsleiar Karin Rydving, tlf. 55 58 88 40 eller mob. 48 29 97 21, epost karin.rydving@uib.no, eller
  • Hovudbibliotekar Tarje Sælen Lavik, tlf. 55 58 25 38, epost tarje.lavik@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS