Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor i helse og omsorgsvitenskap (campus Stord)

Søknadsfrist: 05.06.2019

Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for helse- og sosialvitenskap (FHS) har ledig stilling som Førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i helse og omsorgsvitenskap

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 370 tilsette og om lag 4500 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram.

Fakultetet har ein vitskapleg ambisjon om å styrke forskingsbasert undervisning, rettleiing og praksis innan områda

helse, funksjon og deltaking.

Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.

Ved institutt for helse- og omsorgsvitskap er vi om lag 210 tilsette og om lag 2400 studentar fordelte på studiestadane Førde, Bergen, Haugesund og Stord. Vi tilbyr bachelorutdanningar i sjukepleie og masterstudium i klinisk sjukepleie med sju ulike fordjupingsområde. I tillegg har vi masterstudium i jordmorfag, masterstudium i samhandling innan helse- og sosialtenester, masterstudium i helse- og omsorgsvitskap, samt ei rekkje vidareutdanningar. Forskinga vår er retta mot å styrke kunnskapsgrunnlaget innan klinisk sjukepleie, kvalitet og innovasjon i helse- og omsorgstenester, folkehelse og livsstil samt utdanningskvalitet.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig inntil to årsverk 100% faste stillingar som førstemanuensis/førstelektor/høgskulelektor i helse- og omsorgsvitenskap. Tiltreding 01.08.19.

Arbeidsstad er campus Stord.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Undervisning i bachelorstudiet for sjukepleiarar, vidareutdanningar og mastergrader innan helsefag
  • Rettleiing og oppfølging av studentar innanfor aktuelt fagområde, i teori, praksis og øvingsavdeling
  • Sensur og vurderingsarbeid
  • Vidareutvikling av emne og studieprogram og forskingsoppgåver knytt til rekevante område

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetansar:

Søkjarane bør ha doktorgrad eller førstelektorkompetanse innanfor relevant fagområde. Dersom det ikkje meldar seg kvalifiserte søkjarar med fystekompetanse, kan det vere aktuelt å tilsette i stilling som høgskulelektor.

  • For tilsetting som førsteamanuensis må søkjar ha grunnutdanning i sjukepleie og ha avlagt doktorgrad med ein fagkombinasjon relevant for våre studier
  • For tilsetting som førstelektor må søkjar ha grunnutdanning i sjukepleie, samt dokumentert kompetanse på nivå med norsk doktorgrad, og med tilsvarande relevanskrav
  • For tilsetting som høgskulelektor må søkjar ha grunnutdanning i sjukepleie og relevant mastergrad/hovudfag eller utdanning på tilsvarande nivå.
  • Vitskapleg arbeid innanfor aktuelt fagområde
  • Pedagogisk basisutdanning er eit krav for stillinga. Den som blir tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt
  • Erfaring med FOU-prosjekt. Gjerne knytt til praktiske og dagsaktuelle utfordringar innan pleie- og omsorgstenester og bidrag til utvikling av metodar for å overføre og ta i bruk forskingsbasert kunnskapspraksis i feltet

Ønska kvalifikasjoner:

  • Det er særleg ønskjeleg med sjukepleiekompetanse innan psykisk helse og kommunehelseteneste, men anna erfaring vil og bli vurdert.

Personlege eigenskapar:

  • Gode samarbeidsevne både overfor studentar og tilsette frå ulike fagområde
  • Kunne jobbe sjølvstendig og ta ansvar
  • Vere glad i å vise initiativ og like å formidle
  • Gode kommunikasjonsevner både skriftleg og muntleg på engelsk og norsk, eller anna skandinavisk språk

Sakkyndig vurdering:

Søkjarar til vitskaplege stillingar blir vurdert av ein sakkyndig komité. Bedømminga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse og inntil 5 vitskaplege arbeid. På bakgrunn av komiteens innstilling vil aktuelle søkjarar bli innkalla til intervju og prøveforelesing. Tilsettingsorgan er Tilsettingsutvalet ved Fakultet for helse- og sosialvitskap ved Høgskulen på Vestlandet.

Kriteria for tilsetjing i stilling som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor går fram av forskrift om tilsetjing og opprykk i undervisnings- og forskarstillingar fastsett av Kunnskapsdepartementet:

https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2006-02-09-129

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Me gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjars ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, her dei vitskaplege arbeida (inntil 15 stk.), fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsettjingar. Hvis vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkyndige utvalet. På bakgrunn av komiteens innstilling vil aktuelle søkjarar verta innkalt til intervju og prøveforelesning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskolen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som førsteamanuensis/ førstelektor / høgskulelektor er lønna etter Statens lønnsregulativ, i stillingskode 1011/ 1198/ 1008

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personer med minoritetsbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.

Kontaktperson(ar) ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Fagseksjonsleiar Leif-Steinar Alfsvåg tlf. 53491422 / 47306661 leif.alfsvag@hvl.no

2) Instituttleiar Georg Førland, tlf. 52702636 / 94865911 georg.forland@hvl.no

Søk stilling

Powered by Labrador CMS