Stilling:

Stipendiatstilling knytt til tema «Religion, livstolking og verdisyn i den norske skolen».

Søknadsfrist 27. januar 2019

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Ved Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI), er det ledig ein stipendiatstilling knytt til tema «Religion, livstolking og verdisyn i den norske skolen». Stillinga er knytt til Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag.

Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.- program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.

Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag har 180 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Instituttet gir undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanningane (masternivå frå 2017), bachelorutdanningar i folkehelse og idrett/kroppsøving, praktisk pedagogisk utdanning og masterutdanningar i undervisningsvitskap, samfunnsfagdidaktikk, IKT i læring, utdanningsleiing, barnehagekunnskap, læring og undervisning og spesialpedagogikk. Instituttet bidrar også til fakultetet sitt Ph.D.-program Danning og didaktiske praksisar.

Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.

Stipendiaten si forsking vil inngå som del av verksemda i forskargruppa Religion og livstolkning (ReLi), og sortere under det strategiske forskingsprogrammet Språk, kommunikasjon og læring (SKoL).

Stipendiaten sitt prosjekt må innrettast slik at stipendiaten kvalifiserer for opptak på Ph.D.-studiet «Studier av danning og didaktiske praksiser».

Samla stipendiatperiode er 3 år i 100% stilling, men kan om ønskjeleg forlengast til 4 år føresett at 25% av tida utgjer pliktarbeid knytt til forsking, undervisning og/eller administrasjon. Pliktarbeidet vil då bli fordelt over heile stipendiatperioden.

Religion, verdiar og livstolking er aktuelle og viktige tema for skulen i arbeidet med å fremje integrering og førebyggje konfliktar i eit samfunn som er i rask endring mellom anna som resultat av sekularisering, globalisering og migrasjon. HVL ønsker derfor å knytte til seg ein stipendiat som kan forske på ei problemstilling innanfor dette tematiske komplekset. Prosjektet kan utviklast i tilknyting til KRLE-faget spesielt, eller fokusere på religion, verdiar og livstolking i skulen generelt. Fleire aktuelle tema og problemstillingar kan være relevante under denne tematiske overskrifta, t.d.:

  • Verdiformidling og livstolking i religionsdidaktisk praksis
  • Tilhøvet mellom eksplisitte verdiar i skulen sine styringsdokument og faktiske verdiar i skulen
  • Verdikonfliktar knytt til ulike religiøse identitetar og livstolking i skulen
  • KRLE-fagets betyding for elevane sine verdiar og holdningar til religion og religiøs livstolking
  • Spenningar mellom KRLE-fagets målsetning og elevane sine verdiar og livstolking
  • Religionskritikk og vurderingar av religion i skolen og/eller i KRLE-faget

Stipendiaten skal allereie ved søknad formulere en prosjektskisse med en forskbar problemstilling innanfor det angjevne overordna tema. I denne skissa skal søkjaren også gjere greie for prosjektet sitt teoretiske forankring og metodeval. Metodisk skal prosjektet avgrensast til bruk av kvalitative metodar, t.d. tekst- og/eller dokumentanalyse, intervjubaserte studiar eller kombinasjonar av desse. Tidlig i stipendiatperioden skal stipendiaten utvikle og få godkjent ei fullstendig prosjektskildring som skal leggjast til grunn for det vidare arbeidet gjennom heile stipendiatperioden. Stipendiaten skal då og takast opp på Ph.D.-studiet «Studier av danning og didaktiske praksiser». Dette inneber at den endelege prosjektskildringa og må synleggjere korleis arbeidet med problemstillinga kan relaterast til didaktiske praksisar og styrke refleksjonen kring desse. Det er forventa at stipendiaten deltek aktivt på Ph.D.- studiet gjennom stipendiatperioden og oppfyller dei arbeidskrav og plikter som det fører med seg. Jf. https://www.hvl.no/forsking/forskarutdanning/studier-av-danning-og-didaktiske-praksisar/

Søknad om opptak til doktorgradsprogrammet utarbeidast og sendast først etter tilsetting i stipendiatstilling. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanning skal vere godkjent av høgskulen seinast 3 månadar etter tilsetting. Det er ein føresetnad at den som vert tilsett har arbeidsplass ved Høgskulen på Vestlandet. Stipendiaten vil få tildelt eit rettleiarteam frå forskargruppa «Religion og livstolkning», og det vert forventa at stipendiaten deltek aktivt i gruppa sine samlingar og aktiviteter.

Kvalifikasjonskrav

Mastergrad i religionsvitskap, religionsdidaktikk, kristendomskunnskap, teologi, filosofi eller etikk, eller tilsvarande kvalifikasjonar må vere oppnådd ved søknadsfristen. Søkjarar med mastergrad frå andre fag (f.eks. antropologi, pedagogikk, statsvitskap, historie eller sosiologi) som kan dokumentere god kjennskap til tematikken i utlysninga, t.d. gjennom fagleg vinkling på master-/hovudfagsoppgåve, kan og vurderast.

Søkjaren må leggje ved ei førebels prosjektsskisse på inntil fem sider, som presenterer tema, problemstilling, teoretisk forankring og metodeval for prosjektet. Denne skissa vil inngå i grunnlaget for vurderinga av søkjaren sine kvalifikasjonar. Det er ein føresetnad at søkjaren fyller krava til opptak på ph.d.-studiet. Normalt tar programmet opp berre kandidatar med karakter A eller B på mastergrada.

Følgjande kvalifikasjonar vil bli særskilt vektlagt: Faglege kvalifikasjonar innanfor det utlyste området, med hovudvekt på kvalitet i masteroppgåva, metodiske kvalifikasjonar, samt den førebelse prosjektskissa. Eventuelle vitskapelege publikasjonar kan og bli vektlagt.

Lærarutdanning kan vere ein føremon, men vil ikkje kunne kompensere for manglande mastergrad/hovudfag. Erfaring frå arbeid i skulen kan bli tillagt vekt.

Personlege kvalifikasjonar:

Den som blir tilsett må kunne arbeide målretta og sjølvstendig, og syne gode evner til samarbeid.

Søk på stillinga

Søkjarar til stillingane vert vurderte av eit sakkunnig utval med tre medlem.Send søknad og CV ved å klikka på knappen merka «Søk stillinga» på denne sida. Som vedlegg til søknaden må søkjarar også laste opp masteroppgåva og inntil fem vitskaplege arbeid dei ynskjer å ha med i vurderinga. Vidare må fullstendig publikasjonslista, attestar og vitnemål lastas opp. Søkjarar bør nemna dei arbeida eller delar av arbeid som særleg skal vektleggjast ved vurderinga.

Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Me gjer merksam på at søknader vert vurderte med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar å syta for at all informasjon er lagt inn innan fristen. Det er særs viktig at alle dei vitskaplege arbeida som skal vurderast vert lasta opp i sin heilskap som vedlegg til søknaden. Det er også mogleg å berre legga ved ei lenkja til særleg store dokument/publikasjonar. Dette finn du meir om under "Vedlegg" i søknadsprosessen. Søknadane vert sende elektronisk til det sakkunnige utvalet. Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi gjer merksam på at søknader blir vurderte med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Det er søkar sitt ansvar å sørge for at all informasjon er lagt inn innan fristen. Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.Aktuelle kandidatar til stillinga vil bli innkalla til intervju og bedne om å halde prøveforelesing.

Lønnsvilkår

Stillinga vert løna i stillingskode 1017 Stipendiat, lønnstrinn 51. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon

Den som vert tilsett må rette seg etter dei lover, forskrifter, instruksar og avtaler som til ei kvar tid gjeld for stillinga.Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting og rekruttere personar med ulik nasjonal- eller etnisk bakgrunn.

Opplysingar om søkar kan bli gjort offentleg sjølv om søkar ber om ikkje å bli ført opp på søkarlista. Dersom førespurnaden ikkje blir tatt til følgje, vil søkar bli varsla om dette.

Høgskulen på Vestlandet er ei I/A-bedrift.

Heimeside

Kontaktperson:

  • Senterleiar Kjellrun Hiis Hauge, tlf: +47 55 58 59 67
  • Førsteamanuensis Jon Vegard Hugaas, tlf; +47 53 49 13 79

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS