Stilling:

Stipendiat i musikkpedagogikk

Søknadsfrist 10. februar 2019

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærerutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL skal vere tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har ambisjonar om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Ved Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, er det ledig ein midlertidig stilling som stipendiat i musikkpedagogikk. Stillinga er knytt til Senter for utdanningsforsking

Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.- program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.

Stipendiaten skal forske på musikklærarstudentar sin bakgrunn, deira verdiar, motivasjon for utdanningsval, og ambisjonar for yrkeslivet. Prosjektet skal vere ein mixed methods-studie som kombinerer survey med kvalitative metodar.

Det treårige stipendiatet er del av det større prosjektet «Music Teacher Education for the Future (FUTURED), som har fokus på musikkfaget i den nye femårige lærarutdanninga med integrert master. Prosjektet skal utforske ideologiar og strukturar i musikklærarutdanning, samt utvikle innovative og kollaborative musikkundervisningspraksisar i lærarutdanning og skule. Problemstillingar, teoretiske perspektiv og metodiske tilnærmingar må fungere innafor ramma av FUTURED-prosjektet. For meir informasjon om FUTURED, kontakt prosjektleiar Catharina Christophersen (crc@hvl.no, +47 55 58 59 81).

FUTURED er finansiert av Norges Forskningsråd. Stipendiaten vil inngå i prosjektgruppa saman med forskarar frå Høgskulen på Vestlandet og OsloMet-Storbyuniversitet, samt med internasjonale gjesteforskarar. Stipendiaten vil vere del av forskargruppa «Culture-Criticism-Community» ved HVL, campus Bergen, og som er knytt til det strategiske forskningsprogrammet «Kunst, kreativitet og kulturelle praksisar (KKKP)».

Kvalifikasjonskrav

Søkjarar må ha oppnådd mastergrad i musikkpedagogikk eller liknande ved søknadstidspunkt. Søkjarar må leggje ved ei førebels prosjektskisse på inntil fem sider. Prosjektskissa skal innehalde presentasjon av tema, problemstilling, teoretiske perspektiv, metodiske tilnærmingar og ein tidsplan. Den førebelse prosjektskisse skal nyttast til evaluering av søknaden, men vil ikkje vere den endelige prosjektskildringa. Endeleg prosjektskildring skal utviklast i samråd med rettleiarar.

Den som vert tilsett må søkje om opptak til ph.d.-programmet Danning og didaktiske praksisar ved Fakultet for lærerutdanning, kultur og idrett. Det er ein føresetnad at stipendiatar fyller krava for opptak til ph.d.-studiet, som normalt berre tek opp kandidatar som har fått A eller B på masteroppgåva. Søknad om opptak til ph.d.-programmet må sendast etter tilsetjing. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vera godkjend av høgskulen innan 3 månader etter at stipendiaten har teke til i stillinga.

Det er ein føresetnad at den som vert tilsett har arbeidsplassen sin ved Høgskulen på Vestlandet i stipendiatperioden. Stipendiatperiode: Tre år som startar høstsemesteret 2019. Søkjarar må kunne skandinavisk språk og/eller engelsk.

Ved vurdering av søknadar vert følgjande vektlagt: Kvaliteten i prosjektskissa, forankringa i FUTURED-prosjektet, faglege kvalifikasjonar, det vil seie kvaliteten på masteroppgåva og metodologiske kvalifikasjoner, samt personlege eigenskapar som evne til sjølvstendig arbeid og gode samarbeidsevner. Vitskapleg produksjon kan bli vektlagd.

Søk på stillinga

Søkjarar til stillingane vert vurderte av eit sakkunnig utval med tre medlem.

Send søknad og CV ved å klikka på knappen merka «Søk stillinga» på denne sida. Som vedlegg til søknaden må søkjarar også laste opp masteroppgåva og inntil fem vitskaplege arbeid dei ynskjer å ha med i vurderinga. Vidare må fullstendig publikasjonslista, attestar og vitnemål lastas opp. Søkjarar bør nemna dei arbeida eller delar av arbeid som særleg skal vektleggjast ved vurderinga.

Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Me gjer merksam på at søknader vert vurderte med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar å syta for at all informasjon er lagt inn innan fristen. Det er særs viktig at alle dei vitskaplege arbeida som skal vurderast vert lasta opp i sin heilskap som vedlegg til søknaden. Det er også mogleg å berre legga ved ei lenkja til særleg store dokument/publikasjonar. Dette finn du meir om under "Vedlegg" i søknadsprosessen. Søknadane vert sende elektronisk til det sakkunnige utvalet. Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi gjer merksam på at søknader blir vurderte med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Det er søkar sitt ansvar å sørge for at all informasjon er lagt inn innan fristen. Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.Aktuelle kandidatar til stillinga vil bli innkalla til intervju og bedne om å halde prøveforelesing.

Lønnsvilkår

Stillinga vert løna i stillingskode 1017 Stipendiat, lønnstrinn 51. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon

Den som vert tilsett må rette seg etter dei lover, forskrifter, instruksar og avtaler som til ei kvar tid gjeld for stillinga.Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting og rekruttere personar med ulik nasjonal- eller etnisk bakgrunn.

Opplysingar om søkar kan bli gjort offentleg sjølv om søkar ber om ikkje å bli ført opp på søkarlista. Dersom førespurnaden ikkje blir tatt til følgje, vil søkar bli varsla om dette.Høgskulen på Vestlandet er ei I/A-bedrift.

Heimeside

Kontaktperson

  • Senterleiar Kjellrun Hiis Hauge, tlf: +47 55 58 59 67

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS