Stilling:

Stipendiat - Digital dokumentasjon og foreldre sitt innsyn i barnehagar

Søknadsfrist 27. januar 2019

Ved Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, er det ledig ein midlertidig stilling som stipendiat knytt til temaet Digital dokumentasjon og foreldre sitt innsyn i barnehagar. Stillinga er knytt til Senter for utdanningsforsking, campus Bergen.

Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.- program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.

Det lysast ut eit stipend knytt til temaet Digital dokumentasjon og foreldre sitt innsyn i barnehagar. Vi inviterer til prosjekt som handlar om nye former for og endra omfang av pedagogisk dokumentasjon i norske barnehagar. Særleg ønskjer vi prosjekt som vil ta føre seg bruken av digital dokumentasjon og foreldre sitt digitale innsyn i barnehagar, og konsekvensane dette har for profesjonelle roller og identitetar i barnehagen, og for dei interne og eksterne relasjonane personalet inngår i. Dei siste åra har barnehagar tatt i bruk digitale plattformer som gjer det mogleg for foreldre å få meir innsyn i aktiviteten, og mange barnehagar synes å ha gått i retning av ei samanhangande oppdatering av aktivitetspresentasjon retta mot foreldra. Tematikken reiser sentrale spørsmål, både pedagogiske, profesjonsmessige og samfunnsmessige, om styring, marknadstilpassing og endring i normer for foreldreskap. Vidare kan profesjonsetiske problemstillingar knytast til skiftande praksisar på dette området.

Dette feltet av barnehagepraksis har hittil vore nokså lite utforska. Det kan tenkast ei rekke ulike teoretiske og metodiske tilnærmingar til temaet, og ulike problemstillingar kan forfølgjast. Aktuelle prosjekt kan til dømes ta sikte på å kartlegge omfanget og bruken av digitale bileter, samt historikken i denne utviklinga. I kva grad, og på kva nivå er praksisen systematisert eller standardisert? Kva teknologiske løysingar og plattformer vert nytta? Av kven? Kva har vore drivkreftene? Er utviklinga driven fram av marknaden eller dokumentasjonskrav frå eigarar og myndigheiter? Kva rolle spelar det styrka eigarnivået i praksisendringa?Vidare vil det vere relevant å undersøkje kva eventuelle konsekvensar disse praksisane har for barnehagen som pedagogisk rom, for pedagogens etikk, profesjonsidentitet og - autoritet, og for foreldrerolla. Ei rekke spørsmål kan utforskast: Korleis reflekterer eller forsterkar dokumentasjonspraksisen endringar i foreldrerolla og i barnehagen sine relasjonar til foreldra? Blir foreldre meir krevjande brukar av di dei sjølv har «direkte innsyn»? Får dei meir brukarmakt? Korleis verkar praksisen inn på profesjonelle roller og relasjonar og fagleg autonomi? Kan ein spore endringar i pedagogane si rolle som fagleg formidlar mellom pedagogikk/organisasjon og brukarar? Det er ønskjeleg at prosjektskissene utdjupar nokre av dei nemnde problemstillingane, og eventuelt føyer til andre relevante spørsmål og tema som kan undersøkjast i et ph.d. - prosjekt. Skissa skal og gjere greie for val av metodisk tilnærming.

Prosjektet vil knyttes til forskergruppen Profesjon, organisasjon og politikk, som er del av fakultetets forskingsprogram "Praksisnær profesjons- og utdanningsforsking" (PUF). Flere prosjekt om barnehagen inngår i forskergruppas aktiviteter, blant annet en arbeidspakke knyttet til BARNkunne - Senter for barnehageforsking.

Kvalifikasjonskrav

Mastergrad i samfunnsvitenskapelige fag som sosialantropologi, sosiologi eller statsvitenskap, pedagogikk, samfunnsfagdidaktikk eller tilsvarende kvalifikasjoner må være oppnådd ved søknadsfristen. Vitenskapelig produksjon kan bli vektlagt.

Søkere må legge ved ei foreløpig prosjektskisse på inntil fem sider som presenterer tema, problemstilling og valg av teori og metode for et potensielt prosjekt. Denne foreløpige prosjektskissen blir brukt til vurdering av kvalifikasjonene til kandidaten og vil ikke være den endelige prosjektbeskrivelsen. Det endelige stipendiatprosjektet vil senere bli uformet i samråd med veiledere.

Stipendiatar som blir tilsett må bli tekne opp i doktorgradsprogrammet Studiar av danning og didaktiske praksisar ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI). Det er ein føresetnad at stipendiatar fyller krava for opptak til ph.d.-studiet. Normalt tek programmet opp berre kandidatar med karakter A eller B på mastergraden. Søknad om opptak til doktorgradsprogrammet skal fyrst sendast etter tilsetjing. Endeleg prosjektskildring og plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjend av høgskulen seinast 3 månader etter at ein er teke til i stillinga.

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett skal ha arbeidsplassen sin ved Høgskulen på Vestlandet. Samla stipendiatperiode er fire år der 25 % av tida er pliktarbeid knytt til forsking, undervisning og administrasjon.

Personlege eigenskapar

Kandidaten må kunne jobbe selvstendig og samarbeide godt med andre.

Søk på stillinga

Søkjarar til stillingane vert vurderte av eit sakkunnig utval med tre medlem.

Send søknad og CV ved å klikka på knappen merka «Søk stillinga» på denne sida. Som vedlegg til søknaden må søkjarar også laste opp masteroppgåva og inntil fem vitskaplege arbeid dei ynskjer å ha med i vurderinga. Vidare må fullstendig publikasjonslista, attestar og vitnemål lastas opp. Søkjarar bør nemna dei arbeida eller delar av arbeid som særleg skal vektleggjast ved vurderinga.

Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar.

Me gjer merksam på at søknader vert vurderte med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar å syta for at all informasjon er lagt inn innan fristen. Det er særs viktig at alle dei vitskaplege arbeida som skal vurderast vert lasta opp i sin heilskap som vedlegg til søknaden. Det er også mogleg å berre legga ved ei lenkja til særleg store dokument/publikasjonar. Dette finn du meir om under "Vedlegg" i søknadsprosessen. Søknadane vert sende elektronisk til det sakkunnige utvalet. Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Aktuelle kandidatar til stillinga vil bli innkalla til intervju og bedne om å halde prøveforelesing.

Lønnsvilkår

Stillinga vert løna i stillingskode 1017 Stipendiat, lønnstrinn 51. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse

Generell informasjon

Den som vert tilsett må rette seg etter dei lover, forskrifter, instruksar og avtaler som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting og rekruttere personar med ulik nasjonal- eller etnisk bakgrunn.

Opplysingar om søkar kan bli gjort offentleg sjølv om søkar ber om ikkje å bli ført opp på søkarlista. Dersom førespurnaden ikkje blir tatt til følgje, vil søkar bli varsla om dette.Høgskulen på Vestlandet er ei I/A-bedrift.

Heimeside

Kontaktperson

  • Professor Kari Ludvigsen, tel: +47 55 58 57 18
  • Senterleiar Kjellrun Hiis Hauge, tel: +47 55 58 59 67

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS