Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Fagansvarleg innan dokumentasjon og informasjonsforvalting (seniorrådgjevar)

Søknadsfrist: 28.04.2019

Høgskulen på Vestlandet har ledig stilling som fagansvarleg for dokumentasjon og informasjonsforvalting ved Avdeling for organisasjonsutvikling og digitalisering

Fagansvarleg har det daglege ansvaret for drift og utvikling innan tenesteområdet Dokumentasjon og informasjonsforvaltning. Tenesteområdet dekker aktivitet på alle fem studiestadane, baserer aktiviteten på felles prosessar og skal gå føre i god bruk og utvikling av ressursar på tvers av studiestadane. Fagansvarleg rapporterer til avdelingsleiar for organisasjonsutvikling og digitalisering, som har personal- og budsjettansvar for tenesteområdet. Mynde i stillinga er delegert frå avdelingsleiar.

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Avdeling for organisasjonsutvikling og digitalisering er plassert organisasjonsdirektøren si linje. Eininga har i dag om lag 50 tilsette, med IT som det klart største tenesteområdet. I tillegg har vi ansvar for organisasjonsutvikling, leiarutvikling og dokumentforvaltning. Vi skal både hjelpe fageiningane direkte, og indirekte via utvikling av effektive administrative arbeidsformer. Sentralt i dette står arbeidet med å utvikle digitale løysingar knytt til alle våre oppgåver. Omstillingsarbeid er også i stor grad organisasjonskulturarbeid. Eininga har dette som særleg fagleg ansvar, og driv omfattande utvikling av leiarar og leiing.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Sikre god kompetanse rundt krava til dokumentasjonsforvalting innanfor tenesteområdet og ved høgskulen generelt
  • Sikre nødvendig kompetanse innanfor, og utvikling av tenesteområdet dokumentasjon og informasjonsforvalting
  • Vere aktiv medspelar i høgskulen sitt digitaliseringsarbeid gjennom tenesteområdet si rolle
  • Vurdere og bidra til god ressursutnytting, inkludert dagleg arbeidsleiing
  • Vurdere og forbetre interne prosessar på tenesteområdet
  • Utarbeide og halde ved like arkivplan (internkontroll)
  • Rådgje andre einingar om krav til dokumentasjonsforvalting og nødvendig kompetanse til dette
  • Delta aktivt i aktuelle fagmiljø i universitets- og høgskulesektoren og elles
  • Ta del i driftsoppgåver.

Kvalifikasjonskrav:

  • Det vert kravd høgare utdanning på minst bachelornivå, helst master
  • Utdanning innan IKT og arkivfag vert føretrekt
  • Omfattande relevant fagadministrativ erfaring og spesialkompetanse på særleg høgt nivå tilpassa funksjonane i stillinga
  • Det vert føresett at vedkommande kan leia større utviklingsoppgåver i og for høgskulen innanfor sitt fagfelt.

Ønskja kvalifikasjonar:

  • God forståing for offentleg forvalting og god innsikt i krava som vert sett til kvalitetssikring og gode administrative tenester
  • God kunnskap om relevant lov- og regelverk
  • God forståing for høgskulen sitt samfunnsoppdrag
  • Erfaring frå universitets- og høgskulesektoren
  • God organisasjonsforståing
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk.

Personlege eigenskapar:

  • Du er framtidsretta og nysgjerrig på ny teknologi
  • Du har gode kommunikasjonsevner og er i stand til å samarbeide med mange ulike menneske
  • Du er løysingsorientert og tek standpunkt når det er nødvendig
  • Du ser heilskapen, har god rolleforståing og er flink til å gjere kollegaer gode
  • Du tek initiativ og kan bidra aktivt i eininga
  • Du er tilpasningsdyktig og fleksibel
  • Du liker å ta ansvar, gjennomføre og sluttføre oppgåver.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annen dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrider 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknader kan ikkje sendes på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som fagansvarleg er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1364 - Seniorrådgjevar.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personer med minoritetsbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Avdelingsleiar Wiggo HustadTlf: 57 67 61 65 / 971 98 787

2) Fagansvarleg Astrid Alrek OptunTlf: 55 58 77 52

Søk stilling

Powered by Labrador CMS