Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

HR-rådgjevar, kompetanse- og bemanningsplanlegging (Fakultet for økonomi og samfunsvitskap)

Søknadsfrist: 07.10.2019

Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for økonomi og samfunsvitskap har ei ledig stilling som HR-rådgjevar, kompetanse- og bemanningsplanlegging

Om stillinga:

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap (FØS) har tre institutt med totalt om lag 120 tilsette og 2000 studentar. Institutt for økonomi og administrasjon, Institutt for maritime studium og Institutt for samfunnsvitskap.


Institutt for økonomi og administrasjon er ett av de største fagmiljøene i Noreg innen økonomisk-administrativ utdanning. Instituttet har studiesteder i Bergen, Haugesund og Sogndal.

Stillinga er ein del av fakultetsadministrasjonen og rapporterer til administrasjonssjef. Rekruttering og kompetansebygging er viktige satsingsområde for å nå universitetsambisjonen. Stillinga vil vere ein del av eit fagleg nettverk av personar med tilsvarande arbeidsområde i HVL. Rådgjevaren skal yte leiarstøtte innanfor HR-området, og vil ha eit særleg ansvar for strategisk kompetanse - og bemanningsplanlegging ved fakultetet. Det vert forventa at den som vert tilsett tek initiativ til samarbeid og samhandling for å byggje ein god organisasjonskultur i HVL.

Arbeidsplassen kan vere på ein av campusane; Bergen, Haugesund eller Sogndal.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Stillinga vil ha ansvar for å samarbeide tett med leiarar ved fakultet slik at rekrutterings- og kompetansepolitikken støttar opp under fakultetet sine strategiar.

Aktuelle arbeidsområder:

  • Støtte fakultetsleiing i arbeid med rekruttering, kompetanseutvikling og bemanning
  • Kartlegge og utarbeide analysar knytt til kompetansebehov i fakultetet
  • Rapporterings- og utgreiingsarbeid som skal bygge opp under strategisk utvikling av fakultetet
  • Samarbeid med tilsette i fellesadministrasjonen og administrasjonen på kvar einskild campus
  • Fagleg ansvar for og utvikling av arbeidsområdet innanfor HR på fakultetet

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

  • Relevant høgare utdanning på minst bachelornivå, fortrinnsvis masternivå innen relevante fagområder
  • Administrativ erfaring og spesialkompetanse på høgt nivå og innanfor stillinga sitt funksjonsområde
  • Relevant erfaring frå HR-arbeid med særleg vekt på rekruttering og kompetanseplanlegging
  • Det er ein fordel med erfaring frå analyse-, utgreiings- og rapporteringsarbeid

Generell kompetanse:

  • Erfaring frå universitets- og høgskulesektoren
  • God digital kompetanse innan rekrutteringsverktøy
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Personlige eigenskaper:

  • Kunne arbeide sjølvstendig og strategisk
  • Høy gjennomføringsevne og fleksibel
  • Gode evner til kommunikasjon og samhandling
  • Positiv og gode samarbeidsevner

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som HR- rådgjevar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 - rådgjevar.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annen dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrider 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknader kan ikkje sendes på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personer med minoritetsbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.

Kontaktperson(ar) ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Administrasjonssjef Gro Nesheim telefon +47 52 70 26 32

Søk stilling

Powered by Labrador CMS