Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Rådgjevar, prosjektkoordinator (Fakultet for ingeniør- og naturvitskap)

Søknadsfrist: 19.05.2019

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei fast 100% stilling som rådgjevar, prosjektkoordinator, Etter-, vidareutdanning og oppdrag (EVO) ved Fakultet for ingeniør- og naturvitskap.

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for ingeniør- og naturvitskap har om lag 270 tilsette og om lag 3200 studentar. Fakultetet har eit breitt utdanningstilbod både på bachelor og masternivå innan ingeniør- og naturfag, samt PhD-utdanning innan datateknologi. Mohnsenteret for innovasjon og regional utvikling forskar på innovasjon og tilbyr masterutdanning innan innovasjon og entreprenørskap. Dykkarutdanninga tilbyr eittårig fagskuleutdanning.

Hovuddelen av fakultetets verksemd er i Haugesund, Bergen, Sogndal og Førde, men vi tilbyr også desentralisert utdanning i Florø, Kristiansund og på Stord.

Fakultetets verksemd er internasjonalt forankra og skjer i tett samarbeid med regionale bedrifter, klynger, helseføretak og offentleg sektor, inkludert andre institusjonar i universitets- og høgskulesektoren. Dette gjeld både forsking, utvikling, innovasjon og ikkje minst utdanning med studentprosjekt på alle nivå.

Fakultetet satsar på å møte det aukande behovet for etter- og vidareutdanningar i næringslivet. Rådgjevaren vil samarbeide tett med fagmiljøa, koordinere innsatsen og gje administrativ støtte av prosjekt knytt til utvikling av etter- og vidareutdanning innan ei rekke fagområde, på oppdrag frå organisasjonar, offentlege og private verksemder.

Stillinga krev innhenting av eksterne oppdrag, samarbeid med fagmiljøa og koordinere utvikling av prosjekt innan kompetanseutvikling, livslang læring og oppdragsprosjekt. Tverrfakultære prosjekt kan og vere aktuelt.

Stillinga har eit funksjonsansvar på tvers av dei tre campusane i Bergen, Førde, Haugesund og Sogndal.

Arbeidstad er Bergen, Førde eller Sogndal.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Rådgjevar vil få ansvar for oppgåver som til ei kvar tid er aktuelle innan FIN si EVO-portefølgje, som til dømes:

  • Pådrivar for innhenting av eksterne oppdrag.
  • Arbeid med tilbod og anbud, ordinærfinansierte vidareutdanningar og deler av den nasjonale oppdragsportefølja.
  • Samarbeide med fagmiljøa og koordinere utvikling av prosjekt innan kompetanseutvikling, livslang læring og oppdragsprosjekt med særleg ansvar for Fakultet for ingeniør og naturvitskap, men også tverrfakultære prosjekt der det er aktuelt
  • Initiering, planlegging og oppfølging av prosjekt og aktivitetar - herunder budsjett og kontrakt
  • Kontakt med relevante samarbeidspartnarar
  • Utvikle samarbeidsrelasjonar

Den som vert tilsett vil delta i ulike møtefora internt, regionalt og nasjonalt knytt til ordninga, og jobbe tett saman med studieprogramansvarlege og instituttledelse. Stillinga rapporterar til fakultets administrasjonsjef.

Kvalifikasjonskrav:

Det vert krevd høgare utdanning, fortrinnsvis mastergrad innanfor relevante fagområder.

I tillegg vert det stilt krav om:

  • Relevant arbeidserfaring frå administrativt arbeid og sakshandsaming
  • Godt nettverk med kjennskap om næringslivet i regionen
  • God kjennskap til universitets- og høgskulesektoren

Ønskede kvalifikasjonar:

  • Erfaring med koordineringsarbeid/prosjektleiing, gjerne innan EVO.

Personlege eigenskapar:

  • Relasjonsbyggjar med gode samarbeidsevner
  • Gode kommunikasjonsevner og i stand til å samarbeida med mange ulike menneske
  • Evne til å jobba sjølvstendig
  • Løysingsorientert og fleksibel
  • Samfunnsengasjert med pågangsmot
  • Tilpasningsdyktig
  • Ta ansvar, gjennomføre og sluttføre oppgåver.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annen dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrider 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknader kan ikkje sendes på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som rådgjevar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 – Rådgjevar.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personer med minoritetsbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

  • Administrasjonssjef Henning Norheim, telefon +47 55 58 76 72, mobil 99 03 67 03

Søk stilling

Powered by Labrador CMS