Stilling:

Rådgjevar - prosjektkoordinator - Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI)

Søknadsfrist 24. februar 2019

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærerutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL skal vere tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har ambisjonar om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), er det ledig 2 faste 100% stillingar som rådgjevar - prosjektkoordinator, Etter-, vidareutdanning og oppdrag (EVO). Ei stilling vil ha hovudarbeidsplass Sogndal medan ei vil ha hovudarbeidsplass Stord.

Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI) har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.- program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.

Om stillingane

Stillingane er lagt under Eining for strategiske satsingar som saman med institutta har hovudansvar for organisering og utvikling av EVO-aktiviteten i fakultetet.Ansvars- og arbeidsoppgåver

Rådgjevarane vil samarbeide tett med fagmiljøa og ha hovudansvar for å koordinere utvikling og administrativ støtte av prosjekt knytt til Desentralisert ordning for kompetanseutvikling i skulen og Regional ordning for kompetanseutvikling i barnehage.Ei stilling vil ha hovudarbeidsplass Sogndal medan ei vil ha hovudarbeidsplass Stord. Stillingane har eit funksjonsansvar på tvers av dei tre campusane i Sogndal, Bergen og Stord. Dei som blir tilsett vil delta i ulike møtefora internt, regionalt og nasjonalt knytt til ordninga, og jobbe tett saman med studieprogramansvarleg EVO og prodekan for strategiske satsingar

Rådgjevarane vil og få ansvar for oppgåver som til ei kvar tid er aktuelle innan FLKI si EVO-portefølgje, som til dømes:

  • initiering og planlegging av prosjekt og aktivitetar – herunder budsjett og kontrakt
  • kontakt med relevante samarbeidspartnarar regionalt og nasjonalt
  • utvikle samarbeidsrelasjonar internt og eksternt

Arbeid med tilbod og anbud, ordinærfinansierte vidareutdanningar og deler av den nasjonale oppdragsportefølja.

Eininga legg opp til nært samarbeid mellom stillingane og i EVO-administrasjonen.

Kvalifikasjonskrav

Til stillingane er det krav om høgare utdanning på minst bachelornivå, fortrinnsvis master. Dette saman med administrativ erfaring og spesialkompetanse på høgt nivå, tilpassa funksjonane i stillinga. Kjennskap til norsk skulestruktur og praksisfelt vil bli vektlagt.

Personlege eigenskapar

Vi søkjer etter engasjerte medarbeidarar som kan dokumentere god skriftleg formidlingsevne, sjølvstende, innsatsvilje og med gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.

Vi tilbyr

Stillingane som rådgjevar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 – Rådgjevar. Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Vi tilbyr elles:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving – og utvikling
  • Fleksitid jfr. Særavtale om fleksibel arbeidstid i staten
  • Moglegheit for trening i arbeidstida

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknader blir vurdert ut frå den informasjon som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, herunder attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annen dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrider 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknader kan ikkje sendes på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.

Generell informasjon

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad gjenspegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personer med minoritetsbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA verksemd.

Heimeside

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Prodekan, Sigurd Sandvold, Eining for strategiske satsingar, FLKI.Telefon 53491525/ 90067536

Søk stilling

Powered by Labrador CMS