Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Rådgivar prosjektkoordinator (Fakultet for lærarutdaning, kultur og idrett)

Søknadsfrist: 15.08.2019

Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for lærarutdaning, kultur og idrett har ledig stilling som Rådgivar - praksiskoordinator

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), er det ledig fast 100% stilling som rådgjevar - prosjektkoordinator, Etter-, vidareutdanning og oppdrag (EVO). Stillinga vil ha hovudarbeidsplass Sogndal. Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar kan Bergen vurderst som hovudarbeidsplass.

Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI) har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.- program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.

Om stillinga:

Stillinga er lagt under Eining for strategiske satsingar som saman med institutta har hovudansvar for organisering og utvikling av EVO-aktiviteten i fakultetet.

Arbeidsplassen er Sogndal eller Bergen

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Rådgjevaren vil samarbeide tett med fagmiljøa og ha hovudansvar for å koordinere utvikling og administrativ støtte av prosjekt knytt til Desentralisert ordning for kompetanseutvikling i skulen . Stillinga har eit funksjonsansvar på tvers av dei tre campusane i Sogndal, Bergen og Stord. Dei som blir tilsett vil delta i ulike møtefora internt, regionalt og nasjonalt knytt til ordninga, og jobbe tett saman med studieprogramansvarleg EVO og prodekan for strategiske satsingar

Rådgjevaren vil og få ansvar for oppgåver som til ei kvar tid er aktuelle innan FLKI si EVO-portefølgje, som til dømes:

  • Initiering og planlegging av prosjekt og aktivitetar - herunder budsjett og kontrakt
  • Kontakt med relevante samarbeidspartnarar regionalt og nasjonalt
  • Utvikle samarbeidsrelasjonar internt og eksternt.
  • Arbeid med tilbod og anbod, ordinærfinansierte vidareutdanningar og deler av den nasjonale oppdragsportefølja.

Kvalifikasjonskrav:

Til stillinga er det krav om høgare utdanning på minst bachelornivå, fortrinnsvis master. Dette saman med administrativ erfaring og spesialkompetanse på høgt nivå, tilpassa funksjonane i stillinga. Kjennskap til norsk skulestruktur og praksisfelt vil bli vektlagt.

Personlege eigenskapar:

Vi søkjer etter engasjert medarbeidar som kan dokumentere god skriftleg formidlingsevne, sjølvstende, innsatsvilje og med gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Me gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjars ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, herunder attestar og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsettjingar. Hvis vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkyndige utvalet. På bakgrunn av komiteens innstilling vil aktuelle søkjarar verta innkalt til intervju og prøveforelesning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskolen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse

  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling

  • Fleksistid i samsvar med Særavtale for fleksibel arbeidsavtale i staten

  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som rådgjevar - prosjektkoordinator er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 - rådgivar.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personer med minoritetsbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.

Kontaktperson(ar) ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) prodekan Sigurd Sandvold, Eining for strategiske satsingar,FLKI. Telefon 5349 1525 / 900 67 536

Powered by Labrador CMS