Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Prosjektleiar – Det nye universitetet på Vestlandet

Søknadsfrist: 02.06.2019

Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for forsking og internasjonalisering har ledig ei fast stilling som prosjektleiar for prosjektet "Det nye universitetet på Vestlandet".

Om stillinga:

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Avdeling for forsking, internasjonalisering og innovasjon omfattar felles administrasjon og forvaltning knytt til høgskulen sin forskings- og innovasjonsaktivitet samt internasjonaliseringsaktivitet. Avdelinga skal utviklast vidare og støtte opp under den faglege profilen og universitetsambisjonen til HVL

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei 100 % fast stilling som prosjektleiar for universitetsprosjektet ved HVL.

Sentralt i Høgskulen på Vestlandet (HVL) sin strategi for perioden 2019-2023 er at høgskulen skal bli eit universitet med ein tydeleg profesjons- og arbeidslivsretta profil. For å strukturere arbeidet mot ei universitetsakkreditering vert det etablert eit universitetsprosjekt med eit overordna koordineringsansvar. Prosjektet ligg i prorektor for forsking sin linje. Det skal tilsettast prosjektleiar for universitetsprosjektet som fagleg vil rapportere direkte til prorektor for forsking. Prosjektleiar vil vere tilsett i Avdeling for forsking, internasjonalisering og innovasjon. Prosjektleiar vil, saman med prorektor for forsking, utgjere prosjektleiinga. Prosjektleiinga for universitetsprosjektet har ansvar for å koordinere arbeidet som er relevant for universitetsprosjektet innan dei arbeidsområda og prosjekta som utgjer prosjektporteføljen. Prosjektleiinga skal også dele kunnskap om universitetsprosjektet og vere tett på relevante prosessar ved HVL.

Arbeidsplassen er campusu-avhengig.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Ansvars- og arbeidsoppgåver lagt til stillinga inkluderer

  • Ansvar for styring, framdrift og leveransar i prosjektet
  • Rapportering til styringsgruppa for prosjektet
  • Ansvar for kvalitetssikring av det endelege resultatet i prosjektet opp mot målsetjingane og HVL strategi 2019-2023
  • Identifisere innsatsområder
  • Rådgje høgskuleleiinga og delprosjektleiarar i samsvar med universitetskrav
  • Koordinere arbeid knytt til universitetssatsinga på tvers av arbeidsområde/prosjekt
  • Dele kunnskap om universitetsprosjektet
  • Innhente data og utføre analysearbeid knytt til universitetsprosjektet
  • Leie arbeidsgruppa som skal utarbeide søknaden om akkreditering som universitet

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetansar:

  • Høgre utdanning, fortrinnsvis ph.d.-nivå
  • Erfaring med prosjektleiing og utviklingsoppgåver
  • Relevant administrativ erfaring og kompetanse på høgt nivå tilpassa funksjonane i stillinga
  • God kunnskap om universitets- og høgskulesektoren
  • Kunnskap om relevant lov og avtaleverk
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • God digital kompetanse

Personlege eigenskapar:

  • Kunne arbeide sjølvstendig og strategisk, ta initiativ og vere ein pådrivar
  • Strukturert og systematisk
  • Evne til strategisk heilskapleg perspektiv
  • Gjennomføringsevne og resultatorientering
  • Løysings- og utviklingsorientering
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Stort engasjement for å nå høgskulen sine ambisjonar

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annen dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrider 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknader kan ikkje sendes på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som prosjektleiar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1364 - seniorrågjevar.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personer med minoritetsbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.

Kontaktperson(ar) ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Prorektor for forsking Gro Anita Fonnes Flaten, telefon +47 55 58 78 13 eller mobil +47 926 42 963

2) Avdelingsleiar Eirin Fausa Pettersen, telefon +47 55 58 75 19 eller mobil +47 951 43 100

Søk stilling

Powered by Labrador CMS