Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Prodekan for forsking (Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett)

Søknadsfrist: 10.04.2019

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærarutdanning, kultur og idrett.


HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei stilling som prodekan for forsking ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.

Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette. Fakultetet tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og ph.d.-program.

Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet er organisert i fem strategiske forskingsprogram og forskargrupper. Fakultetet har også tre senter. To av desse er eksternt finansierte.Fakultetet vert leia av ein dekan som har det overordna ansvar for den faglege og administrative verksemda ved fakultetet og som rapporterer til rektor.

Om stillinga:

Åremålsstillinga er lyst ut for perioden 01.08.2019 til 31.07.2023.

Fakultetet har 3 prodekanar. Prodekan for forsking vil ha eit særleg ansvar for forskinga ved fakultetet og skal ivareta den strategiske utviklinga og kvaliteten av forskings- og utviklingsarbeidet og skal gi støtte til institutta innanfor forskingsområdet.

Fakultetet har 5 strategiske forskingsprogram (Kunst, kreativitet og kulturelle praksisar; Språk, kommunikasjon og læring; Praksisnær profesjons- og utdanningsforsking; Berekraft, medverknad og mangfald og Idrett, fysisk aktivitet og kosthald) i tillegg til ph.d-programmet Studier av danning og didaktiske praksisar. Leierane av desse programma inngår i eininga for forsking som blir leia av prodekan for forsking.

Forskingsadministrasjonen i fakultetet er også lagt til eininga.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Posisjonere fakultetet som ein attraktiv utdanningsinstitusjon kjend for kvalitet i forsking og god samanheng mellom forsking i fakultetet og utdanningsprogramma i fakultetet
  • Ansvar for at tenestene vert utførte i samsvar med gjeldande reglar og retningslinjer for god forvaltning
  • Overordna ansvar for utviklingen av fakultetet sitt ph.d.-program
  • Bidra til auka gjennomslag for fakultetets forsking
  • Bidra til auke i ekstern finansiering av forsking i fakultetet
  • Legge til rette for internasjonalisering, digitalisering og nyskaping i forskinga
  • Bidra til samarbeid mellom praksisfelta og fakultetet om forsking
  • Vidareutvikle kontaktflatene til dei ulike aktørane i regionen
  • Delta i nasjonale fora relevant for stillinga
  • Ansvarleg for at eininga sine økonomiske råmer vert haldne, og sikre god og formålstenleg bruk av eininga sine ressursar
  • Personal- og HMS-ansvar for eininga sine tilsette

Mynde i stillinga er delegert frå dekan, og prodekan rapporterer til dekan. Prodekan inngår i fakultetet si leiargruppe og har medansvar for utvikling av fakultetet i samsvar med høgskulen sin strategi, målsetjingar og verdigrunnlag.

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetansar:

  • Relevant høgare utdanning og ph.d.-grad, fortrinnsvis professorkompetanse med klar relevans for fakultetet sin faglege profil
  • Dokumentert kompetanse og erfaring innanfor forskingsleiing og søknad om eksterne forskingsmidlar
  • Leiarerfaring og dokumenterte resultat frå fagleg leiarstilling blir vektlagt
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne i norsk og engelsk

Personlege eigenskapar:

  • Gode leiareigenskapar og ein motiverande og inkluderande leiarstil med vekt på samarbeid og medverknad
  • Evne til strategisk heilskapleg perspektiv
  • Gode evner til kommunikasjon, samhandling og til å bygge tillit og relasjonar internt og eksternt
  • Gjennomføringsevne og resultatorientering
  • Løysings- og utviklingsorientering
  • Stor arbeidskapasitet
  • Må kunne handtere komplekse utfordringar
  • Erfaring med endringsarbeid er ei føremon
  • Stort engasjement for å nå høgskulen sine ambisjonar

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknader blir vurdert ut frå den informasjon som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, herunder attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annen dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrider 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknader kan ikkje sendes på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som prodekan er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1474

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Åremålet gjeld for tida 01.08.2019-31.07.2023.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personer med minoritetsbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

  • Dekan ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, Asle Holthe, tlf. 916 37 623

Søk stilling

Powered by Labrador CMS