Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Assisterande instituttleiar ved Institutt for økonomi og administrasjon

Søknadsfrist: 10.11.2019

Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap har ledig åremålsstilling i 100% som assisterande instituttleiar ved Institutt for økonomi og administrasjon, campus Bergen, for tida 01.01.2020 - 31.12.2023

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er en av de største høgskolene i landet, med om lag 1 800 ansatte og 16 000 studenter fordelt på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innen helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærerutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanninger og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentene, og har mål om å bli et universitet med profesjons- og arbeidslivsrettet profil.


Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap (FØS) har tre institutt: Institutt for økonomi og administrasjon, Institutt for maritime studier og Institutt for samfunnsvitskap. Totalt er det ca. 120 fagleg tilsette ved fakultetet og vel 2000 studentar. Fakultetet har i dag ni bachelorprogram og tre masterprogram. Fakultetet har to doktorgradsprogram; Ansvarlig innovasjon og regional utvikling og Nautiske operasjonar som er ein fellesgrad med Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU), Norges arktiske universitet (UiT) og Universitetet i Sørøst-Norge (USN).


Institutt for økonomi og administrasjon ved HVL har vel 85 fagtilsette og 1000 studentar. Instituttet er fordelt på tre campus: Bergen, Haugesund og Sogndal. Instituttet har ni bachelorprogram og eitt masterprogram.

Om stillinga:

Assisterande instituttleiar skal bistå instituttleiar i leiinga av instituttet og vil ha personalansvar for 20-30 tilsette, samt overordna ansvar for oppfølging av studentar i programma. Assisterande instituttleiar rapporterer til instituttleiar. Åremålsperioden er 01.01.2020 - 31.12.2023.

Institutt for økonomi og administrasjon, campus Bergen har fagmiljø frå alle fagdisiplinar som inngår i Universitets- og høgskolerådet - Økonomi og Administrasjon si rådgjevande anbefaling for Bachelor i økonomi og administrasjon. Bedriftsøkonomisk analyse (finans, investering, økonomistyring og regnskap), administrative fag (strategi, organisasjon, leiing, marknadsføring, innovasjon og entreprenørskap), samfunnsøkonomiske fag (mikroøkonomi, makroøkonomi by- og regionaløkonomi), metodefag (matematikk, statistikk og samfunnsvitskapleg metode) og etikk (etisk teori, samfunnsansvar og berekraft).

Institutt for økonomi og administrasjon, Campus Bergen har i dag undervisningstilbod for bachelor i økonomi og administrasjon, årseining i logistikk og master i innovasjon og leiing.

Det må påreknast ein del reiseverksemd mellom dei tre nærregionane Bergen, Sogndal og Stord. Stillinga vil vere ein del av eit team med to tilsvarande stillingar ved campus Haugesund og Sogndal.

Arbeidsplassen er campus Bergen.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Arbeidsoppgåver:

  • Medlem av leiarteam på instituttet
  • Rapporterar til instituttleiar
  • Delegert ansvar og stadleg leiing for følgande:
    • Fagleg kvalitet i utdanning og forsking innanfor instituttet sine fagområde ved aktuelle campus.
    • Bidra til at HVL rekrutterer best mogleg kvalifiserte studentar og tilsette.
    • Oppfølging av tildelte økonomiske rammer/budsjett.
    • Personal- og HMS-ansvar for instituttet sine tilsette ved aktuelle campus (20-30 tilsette) som inkluderer blant anna utarbeiding av arbeidsplanar , rekruttering, oppfølging fagtilsette og timelærare.
    • Planlegging, leiing, oppfølging og dokumentasjon av aktuell utdanningsverksemd og EVU/BOA.
    • Stimulere til at dei tilsette aktivt formidlar instituttet sine forskingsaktivitetar
    • Bidra til at instituttet er ein attraktiv arbeidsplass.
    • Arbeide for eit godt læringsmiljø for studentane på campus.
    • Vidareutvikle relasjonane til relevante lokale og regionale samarbeidspartnarar innanfor instituttet sine fagområde og tverrfaglege satsingsområde
  • Assisterande instituttleiar kan tilleggas andre oppgåver på tvers av campus.
  • Arbeidsoppgåvene kan bli endra som følge av strategiske vedtak i HVL og intern organisering i fakultetet eller instituttet

Mynde:

  • Mynde i stillinga er delegert frå instituttleiar, og assisterande instituttleiar rapporterer til instituttleiar.
  • Inngå i instituttet si leiargruppe og har medansvar for utvikling av instituttet i samsvar med fakultetet sin strategi og målsetjingar

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

  • Høgare utdanning på master-/hovudfagsnivå eller tilsvarande innan relevant fagområde, fortrinnsvis førstestillingskompetanse.
  • Leiarerfaring og dokumenterte resultat frå fagleg leiarstilling blir vektlagt.

Generelle kompetansekrav:

  • God forståing for høgskulen sitt samfunnsoppdrag og for verdien av kontinuerleg arbeid med likestilling og mangfald i utdanningane
  • Erfaring frå, og kunnskap om universitets- og høgskulesektoren.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne i norsk og engelsk.

Personlege eigenskapar:

  • Gode leiareigenskapar og ein motiverande og inkluderande leiarstil med vekt på samarbeid og medverknad.
  • Evne til strategisk heilskapleg perspektiv.
  • Gode evner til kommunikasjon, samhandling og til å bygge tillit og relasjonar internt og eksternt.
  • Gjennomføringsevne og resultatorientering.
  • Løysings - og utviklingsorientering.
  • Stort engasjement for å nå høgskulen sine ambisjonar.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som assisterande instituttleiar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1473 - studieleder.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annen dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrider 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknader kan ikkje sendes på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personer med minoritetsbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Dekan Anne Isabelle Robbestad, [email protected], tel: +47 483 539 86 / +47 52 70 27 38

2) Instituttleder Tom Skauge, [email protected], tel: +47 91 60 68 03/ +47 55 58 77 30

Søk stilling