Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Assisterande instituttleiar ved Institutt for kunstfag

Søknadsfrist: 14.08.2019

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, er det ledig ein stilling som assisterande instituttleiar for grunnskulelærarutdanningar, bachelorutdanningar og masterutdanning ved Institutt for kunstfag

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.


Fakultetet har 5 strategiske forskingsprogram (Kunst, kreativitet og kulturelle praksisar; Språk, kommunikasjon og læring; Praksisnær profesjons- og utdanningsforsking; Berekraft, medverknad og mangfald og Idrett, fysisk aktivitet og kosthald) i tillegg til ph.d-programmet Studier av danning og didaktiske praksisar.


Institutt for kunstfag har 70 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fagområda omfattar musikk, drama og anvendt teater og kunst- og handtverk. Instituttet tilbyr utdanningar på bachelor, master, årsstudium og etter og videreutdanning-nivå. Instituttet gir og undervisning på sine fagområde i barnehagelærarutdanninga og ved grunnskulelærarutdanningane og bidrar i fakultetet sitt Ph.D.-program Danning og didaktiske praksisar.


Instituttet har som mål å vere i front av skule- og profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt, og vere ei drivkraft for utvikling av kunstfag på høgt nivå og med klar relevans for barnehage, skule og kulturfeltet. Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt.

Åremålsstillinga er lyst ut for perioden 01.08.2019 til 31.07.2023.

Som ansvarleg for effektiv utnytting av instituttet sine ressursar, skal instituttleiar sjå til at dette skjer i samsvar med høgskulens mål, departementet sine rammer, tildelt budsjett og styret sine strategiske føringar. Instituttleiar har òg ansvar for at forvaltingsoppgåver vert ivaretekne med god kvalitet og at oppgåveløysinga er i samsvar med god forvaltingspraksis.

Assisterande instituttleiar skal bistå instituttleiar i leiinga av instituttet og vil normalt ha personalansvar for 30 tilsette og ha eit fagleg funksjonsansvar som er campusovergripande. Det faglege funksjonsansvaret medfører fagleg ansvar for instituttets fag eller kunnskapsområder i utdanningsprogram, overordna ansvar for oppfølging av studentar i programma og kobling mellom funksjonsområdet og fakultetets forskingsaktivitet.

I Institutt for kunstfag er funksjonsansvaret fordelt slik mellom dei ulike assisterande instituttleiarane:

  • Assisterande instituttleiar 1: BLU og etter- og vidareutdanningar
  • Assisterande instituttleiar 2: GLU, bachelorutdanningar og masterutdanning

Assisterande instituttleiar rapporterer til instituttleiar.

Det må påreknast ein god del reiseverksemd mellom dei tre nærregionane.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Ansvar for fagleg kvalitet i utdanning og forsking innanfor sitt ansvarsområde
  • Bidra til at instituttet sine økonomiske råmer vert haldne, og bidra til god og formålstenleg bruk av instituttet sine ressursar
  • Bidra til at HVL rekrutterer best mogeleg kvalifiserte studentar og tilsette
  • Stimulere dei tilsette til kompetanseutvikling og til å utvikle og drive FoU-verksemd av høg kvalitet
  • Personal- og HMS-ansvar for delar av instituttet sine tilsette
  • Ha ei aktiv haldning til digital utvikling i kommunikasjon med tilsette og som element i utdanning og forsking
  • Stimulere til at dei tilsette aktivt formidlar instituttets kunnskapsutvikling
  • Ansvar for at instituttet er ein attraktiv arbeidsplass
  • Leggje til rette for, og fremje samarbeid, på tvers av einingane i institusjonen
  • Arbeide for internasjonalisering og innovasjon i utdanning og forsking
  • Arbeide for godt læringsmiljø for studentane på sitt institutt
  • Vidareutvikle relasjonane til relevante samarbeidspartnarar innanfor instituttet sine fagområde og tverrfaglege satsingsområde
  • Arbeidsoppgåvene kan bli endra som følgje av strategiske vedtak i HVL

Mynde i stillinga er delegert frå instituttleiar, og assisterande instituttleiar rapporterer til instituttleiar.

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse

  • Høgare grads utdanning (master eller hovudfag) med relevans for stillinga, fortrinnsvis førstestillingskompetanse.
  • Dokumentert kompetanse og erfaring innanfor utdanningsprogramma eller faga i instituttet er ønskjeleg
  • God pedagogisk kompetanse, m.a. god forståing for kunnskapsformidling og læreprosessar
  • Leiarerfaring og dokumenterte resultat frå fagleg leiarstilling blir vektlagt
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne i norsk og engelsk

Personlege eigenskapar

  • Gode leiaregenskaper og ein motiverande og inkluderande leiarstil med vekt på samarbeid og medverknad
  • Evne til strategisk heilskapleg perspektiv
  • Gode evner til kommunikasjon, samhandling og til å bygge tillit og relasjonar internt og eksternt
  • Gjennomføringsevne og resultatorientering
  • Løysings- og utviklingsorientering
  • Stor arbeidskapasitet
  • Må kunne handtere komplekse utfordringar
  • Erfaring med endringsarbeid er ei føremon
  • Stort engasjement for å nå høgskulen sine ambisjonar

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annen dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrider 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknader kan ikkje sendes på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som assisterande instituttleiar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1473 .

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Åremålet gjeld for perioden 01.08.2019 - 31.07.2023.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personer med minoritetsbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Instituttleder Oded Ben-Horin 53 491456 / 415 77 145

2) Dekan Asle Holthe 55 58 78 45 / 916 37 623

Søk stilling