Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Seniorkonsulentar innan dokument- og informasjonsforvalting

Søknadsfrist: 05.05.2019

To ledige stillingar innan dokument- og informasjonsforvalting

Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for organisasjonsutvikling og digitalisering, har to ledige stillingar som seniorkonsulentar innan dokument- og informasjonsforvalting

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Avdeling for organisasjonsutvikling og digitalisering er plassert organisasjonsdirektøren si linje. Eininga har i dag om lag 50 tilsette, med IT som det klart største tenesteområdet. I tillegg har vi ansvar for organisasjonsutvikling, leiarutvikling og dokumentforvaltning. Vi skal både hjelpe fageiningane direkte, og indirekte via utvikling av effektive administrative arbeidsformer.

Sentralt i dette står arbeidet med å utvikle digitale løysingar knytt til alle våre oppgåver. Omstillingsarbeid er også i stor grad organisasjonskulturarbeid. Eininga har dette som særleg fagleg ansvar, og driv omfattande utvikling av leiarar og leiing.

Til stillingane ligg driftsoppgåver innanfor dokument- og informasjonsforvalting. Eininga dekker aktivitet på alle fem campus, og baserer aktiviteten på felles prosessar. Eininga er knytt til Avdeling for organisasjonsutvikling og digitalisering og har 9 faste stillingar.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Daglege driftsoppgåver
  • Kvalitetssikre offentleg journal
  • Brukarstøtte og rettleiing
  • Opplæring /kurs
  • Ordne og avlevere arkiv
  • Utvikle og halde ved like rutinar
  • Halde seg oppdatert på fagområdet og regelverket

Andre oppgåver kan kome til.

Kvalifikasjonskrav:

  • Utdanning svarande til bachelorgrad, tilpassa dei oppgåvene som skal utførast
  • Relevant erfaring/realkompetanse kan kompensere for utdanning
  • God skriftleg og munnleg framstilling i begge målformer er eit krav

Personlege eigenskapar:

  • Sjølvstendig, nøyaktig og interesse for fagfeltet
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Korleis søke på stillingane?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annen dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga kjem på meir enn 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknader kan ikkje sendes på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillingane er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1363 Seniorkonsulent.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personer med minoritetsbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Avdelingsleiar Wiggo HustadTlf: 57 67 61 65 / 971 98 787

2) Fagansvarleg Astrid Alræk OptunTlf: 55 58 77 52

Søk stilling

Powered by Labrador CMS