Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Seniorkonsulent i studieadministrasjonen - Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett

Søknadsfrist: 06.01.2020

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei fast stilling i 100% som seniorkonsulent i studieadministrasjonen ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, campus Stord

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.
Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.

Til stillinga ligg ansvar for utdanningskvalitet med vekt på praksiskoordinering, saksbehandling og rettleiing av studentar og tilsette knytt til praksis. Stillinga krev stor grad av sjølvstende og samhandling eksternt og internt i HVL vil vere sentralt. I tillegg er arbeid med utvikling og kvalitetssikring av praksis viktig. Stillinga vil få et spesielt ansvar for praksis i barnehagelærarutdanninga, men arbeid med andre utdanningar og oppgåver knytt til rekruttering og internasjonalisering kan også vere aktuelt.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Koordinering av praksis ved utdanningar i fakultetet
  • Samhandling med eksterne samarbeidspartnarar
  • Rettleiing av studenter og tilsette innanfor praksisområdet
  • Arbeid med planar og retningsliner for praksis
  • Informasjonsarbeid retta mot studentar, tilsette og eksterne samarbeidspartar
  • Sjølvstendig ansvar for sakshandsaming
  • Ansvar for utviklingsoppgåver og arbeid med kvalitetssystem og rutinar

Andre relaterte ansvarsområde og arbeidsoppgåver kan også vere aktuelle.

Kvalifikasjonskrav:

  • Høgare utdanning på bachelor- eller masternivå. Relevant erfaring/realkompetanse kan kompensere for utdanning.
  • Relevant arbeidserfaring
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • God digital kompetanse

Ønska kvalifikasjonar

  • Erfaring frå barnehage og/eller skule
  • Erfaring frå universitets- og høgskulesektoren
  • Erfaring frå utviklingsarbeid

Personlege eigenskapar:

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Strukturert, nøyaktig og ansvarleg
  • Sjølvstendig og løysingsorientert
  • Utviklingsorientert, initiativrik og fleksibel

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annen dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrider 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknader kan ikkje sendes på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1363 seniorkonsulent.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jf. offentleglova kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista. Søkaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personer med minoritetsbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.

Heimeside

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Eli Borsholm, studieadministrativ leiar tlf: 55 58 59 57 / 92 02 91 50

2) Laila Elise Vindenes, teamleiar praksis, tlf. 57 67 63 84

Søk stilling

Powered by Labrador CMS