Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet
Seniorkonsulent - Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett
Søknadsfrist: 12.01.2020
Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har ledig stilling som seniorkonsulent
Om stillinga:
Ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), er det ledig midlertidig stilling 100% stilling som seniorkonsulent, Etter-, vidareutdanning og oppdrag (EVO). Tilsetjingsperiode 01.04.2020-31.03.2021.
Stillinga er lagt under Eining for strategiske satsingar som saman med institutta har hovudansvar for organisering og utvikling av EVO-aktiviteten i fakultetet.
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI) har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.- program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.
Arbeidsplassen er Bergen.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
Seniorkonsulenten vil få ansvar for oppgåver som til ei kvar tid er aktuelle innan FLKI si EVO-portefølgje, som til dømes:
- Administrasjon i FS-systemet- Arbeid med studie- og emneplanar - Registrering- Studieadministrativ saksbehandling
- Kurs og vidareutdanningar- Tilrettelegging og gjennomføring- Koordinering av praktiske gjeremål
- Studieadministratsjon- Studentkontakt
Kvalifikasjonskrav:
Til stillinga vert det stilt krav om:
- Høgare utdanning, minimum på bachelornivå.
- Lang erfaring frå liknande arbeid kan vege opp for mangel på formell utdanning.
- God kjennskap til UH-sektoren og samarbeid med praksisfelta (skule og barnehage) er eit føretrinn
Personlege eigenskapar:
- må kunne arbeide sjølvstendig og nøyaktig
- ta initiativ
- ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Kunne utrykke seg godt
- ha god digital kompetanse
Vi tilbyr:
- Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
- Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
- Høve for trening i arbeidstida
Stillinga som seniorkonsulent er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1363 - seniorkonsulent.
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annen dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrider 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.
Søknader kan ikkje sendes på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.
Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.
Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personar med minoritetsbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.
Kontaktperson(ar) ved Høgskulen på Vestlandet er:
1) Osvald Lykkebø, studieprogramansvarleg EVO, tlf. 57 67 60 17, e-post: osvald.lykkebo@hvl.no
2) Sigurd Sandvold, prodekan tlf. 53 49 15 25 / 900 67 536, e-post: sigurd.sandvold@hvl.no