Stilling:

Praksiskoordinator / studiekonsulent (Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett)

Søknadsfrist 9. desember 2018

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) vart etablert 1. januar 2017, då Høgskolen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskolen Stord/Haugesund fusjonerte.


HVL er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialfag, ingeniør- og økonomifag, lærarutdanning og samfunnsfag. HVL tilbyr ulike årsstudium og bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar.


HVL skal vere tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har ambisjonar om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, er det ledig to faste stillingar i 100% som praksiskoordinator/ studiekonsulent(seniorkonsulent). Stillingane er lagt til studieadministrasjonen ved fakultetet, campus Bergen.

Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.- program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper

Ansvars- og arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere administrasjon av praksisopplæring i skole og/eller barnehage, men det kan og vere aktuelt med andre studieadministrative oppgåver.

Arbeidsoppgåvene inneber mykje informasjons- og kommunikasjonsarbeid, kontakt med ulike grupper internt og med eksterne samarbeidspartnarar. Organisering av praksisopplæring er ein sentral del. Stillingane omfattar i tillegg organisering av møte, kurs og fagdagar, sakshandsaming, rettleiingsoppgåver og arbeid med praksisavtalar. Det ligg også utviklings- og utgreiingsoppgåver til stillingane, og her vil utvikling av digitale løysingar og system vere viktig.

Kvalifikasjonskrav

Det er krav om høgare utdanning frå universitet eller høgskule på minst bachelornivå. Gode IKT-kunnskapar og høg digital kompetanse, samt gode kommunikasjonsevner både munnleg og skriftleg er eit krav. Søkaren må vere omgjengeleg, utviklingsorientert, initiativrik, sjølvstendig, fleksibel og ha gode evner innan formidling og samarbeid. Søkaren må vere ryddig og nøyaktig og trivast i et travelt miljø.

Erfaring frå skule og/eller barnehage eller anna relevant arbeidserfaring vil bli vektlagt. Vidare vil det være ein fordel med kjennskap til lærarutdanningane og universitets- og høgskulesystemet, og erfaring med sakshandsaming og FS som verktøy.

Personlege eigenskapar:

Søkaren må vere omgjengeleg, utviklingsorientert, initiativrik, sjølvstendig, fleksibel og ha gode evner innan formidling og samarbeid. Søkaren må vere ryddig og nøyaktig og trivast i et travelt miljø.

Vi tilbyr:

Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ i stillingskode 1363 seniorkonsulent. Høgskulen har tenestepensjonsordning og det vert trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.

Vi tilbyr elles

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Fleksitid jfr. Særavtale om fleksibel arbeidstid i staten
  • Moglegheit for trening i arbeidstid
  • Moglegheit for dekning av flyttekostnader jfr. Særavtale om dekning av flyttekostnad

Søk på stillinga

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk denne stillinga” på denne sida. Som vedlegg til søknaden må søkarar også laste opp attestar og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Vi gjer merksam på at søknader blir vurderte med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Det er søkar sitt ansvar å sørge for at all informasjon er lagt inn innan fristen. Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Aktuelle søkarar til stillingane vil bli kalla inn til intervju.

Generell informasjon

Den som vert tilsett må rette seg etter dei lover, forskrifter, instruksar og avtaler som til ei kvar tid gjeld for stillinga. Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting og rekruttere personar med ulik nasjonal- eller etnisk bakgrunn.

Opplysingar om søkar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjar ber om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom førespurnaden ikkje blir tatt til følgje, vil søkjar bli varsla om dette.

Høgskulen på Vestlandet er ei I/A-bedrift.

Heimeside

Kontaktpersonar

  • Eli Borsholm, studieadministrativ leiar tlf: 55 585957
  • Tone Reistad, administrasjossjef tlf: 55 5897557

Søk denne stillinga

Powered by Labrador CMS