Stilling:

Organisasjonskonsulent (Bergen)

Søknadsfrist 17. februar 2019

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for studieadministrasjon har ledig 100% fast stilling som organisasjonskonsulent for studiestaden Bergen.

Studentane er aktive deltakarar i utviklinga av høgskulen, og både studentdemokrati, faglege og politiske organisasjonar, kultur, idrett, media og sosiale foreiningar er viktige bidrag til eit godt læringsmiljø. Ved Høgskulen på Vestlandet er vi opptekne av gode rammevilkår for studentorganisasjonane på alle dei fem studiestadane våre.

Organisasjonskonsulenten skal vere ein ressurs for studentdemokratiet og studentorganisasjonane ved HVL, både administrativt og politisk. Stillinga skal fungere som bindeledd i praktiske saker, sjå til at det er kontinuitet i samhandlinga med høgskulen og vere praktisk tilretteleggjar for studentdemokratiet og studentorganisasjonane.

I det daglege arbeider organisasjonskonsulenten saman med tillitsvalde i Studenttinget, og dei andre to organisasjonskonsulentane på HVL. Stillinga har formell rapporteringsline til avdelingsleiar for studieadministrasjon ved HVL.

Den som vert tilsett må rekna med noko ettermiddags- og kveldsarbeid. I samband med møte og konferansar i regi av Studenttinget, må du rekna med 2-3 arbeidshelgar i løpet av semesteret.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Sekretæroppgåver for Studenttinget, slik som innkalling, referat og praktisk tilrettelegging
  • Oppfølging av budsjett og regnskap for Studenttinget
  • Gi råd til leiinga av Studenttinget i politiske saker
  • Andre forefallande administrative oppgåver

Kvalifikasjonar:

  • Høgare utdanning på bachelornivå eller tilsvarande.
  • Erfaring frå organisasjonsarbeid, politisk arbeid og/eller liknande arbeid innafor universitets- og høgskulesektoren vert vektlagd.
  • Grunnleggande kunnskapar om rekneskap og økonomistyring vil vere ein fordel.

Personlige eigenskaper:

  • Serviceinnstilling og gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Gode språkkunnskapar i både norsk og engelsk, skriftleg og munnleg
  • Kunne jobbe sjølvstendig og ta ansvar
  • God IKT-kompetanse

Vi tilbyr:

Stillinga som førstekonsulent er løna etter Statens lønnsregulativ, i stillingskode 1408. Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Vi tilbyr ellers:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving – og utvikling
  • Fleksitid i henhald til Særavtale om fleksibel arbeidstid i staten
  • Høve for trening i arbeidstida

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknader blir vurdert ut frå den informasjon som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, herunder attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annen dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrider 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknader kan ikkje sendes på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.

Generell informasjon

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen. Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personer med minoritetsbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne.

Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.

Heimeside

Kontaktperson(ar) ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Leiar av Studenttinget på Vestlandet Bjørn Olav Østeby, 480 56 089

2) Avdelingsleiar Espen Fosse, 917 59 332

Søk stilling

Powered by Labrador CMS