Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Førstekonsulent, Servicetorg

Søknadsfrist: 09.06.2019

Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for studieadministrasjon, Servicetorg har ledig ei fast 100% stilling som førstekonsulent.

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Avdeling for studieadministrasjon har omtrent 55 tilsette fordelt på alle dei fem studiestadane til HVL. Servicetorget høyrer til Avdeling for studieadministrasjon og er høgskulen si fyrstelinje.

Om stillinga:Høgskulen på Vestlandet (HVL) har ledig ei 100 % fast stilling som førstekonsulent i Servicetorget ved Campus Bergen.Servicetorget er høgskulen si fyrstelinje. I tillegg til oppgåver som publikumsmottak og handtering av førespurnader på e-post og telefon, utfører Servicetorget òg administrative oppgåver i samarbeid med andre einingar.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Arbeidsoppgåver knytt til stillinga vil vera:

  • Handsame førespurnader til fyrstelinja på telefon og e-post
  • Publikumsmottak
  • Handtere post og pakkar
  • Studieadministrative oppgåver
  • Andre påkommande arbeidsoppgåver

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetansar:

  • Bachelorgrad eller spesialistutdanning tilpassa dei oppgåvene som skal utførast. Relevant erfaring/realkompetanse kan kompensere for utdanning.
  • Relevant arbeidserfaring.
  • Gode språkkunnskapar skriftleg og munnleg i norsk og engelsk, god skriftleg framstillingsevne
  • God serviceinnstilling og flink til å samarbeide
  • God forståing for IKT-verkty

Personlege eigenskapar:

Vi ser etter ein kollega som er positiv og imøtekomande. Som tilsett i førstelina må du vere løysingsorientert og profesjonell i møte med våre gjestar, studentar og tilsette. Du har erfaring i bruk av relevante dataprogram og evne til å sette deg inn i nye administrative saksbehandlingssystem og rutinar. Du må vere ansvarsfull og påliteleg og ha gode kommunikasjonsevner.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annen dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrider 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknader kan ikkje sendes på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som førstekonsulent er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1408 - førstekonsulent.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personer med minoritetsbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.

Kontaktperson(ar) ved Høgskulen på Vestlandet er:

1)Fagansvarleg for fyrstelinje Per Helge Hågvar, telefon +47 57 67 76 68 og mobil 971 73 752

2) Avdelingsleiar Espen Fosse, telefon +47 52 70 26 16 eller mobil +47 917 59 332

Søk stilling

Powered by Labrador CMS