Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Rådgjevar - språkpolitikk og kommunikasjon

Søknadsfrist: 07.05.2019

Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt har ledig mellombels stilling som rådgjevar, språkpolitikk og kommunikasjon

Om stillinga:

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studiar, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt har ansvar for å legje til rette for at HVL blir ein synleg og attraktiv institusjon både regionalt, nasjonalt og internasjonalt, og sørgje for ein effektiv kommunikasjon internt og eksternt.

Avdelingen er pådrivar og tilrettelegjar for kunnskapsutvikling og innovasjon gjennom god samhandling med samfunns- og arbeidsliv.

Ved Høgskulen på Vestlandet er det ledig ei 2-årig prosjektstilling som rådgjevar med særskilt ansvar for språkpolitisk arbeid.

HVL har vedteke ein ambisiøs språkpolitikk med eigne retningslinjer. Desse er utforma med tanke på at HVL skal være eit språkleg førebilete for UH-sektoren når det gjeld rett bruk av språk med eit særleg fokus på nynorsk. HVL ønskjer og å finne ein god balanse mellom bruken av norsk (nynorsk og bokmål) og engelsk som det viktigaste parallellspråket i utdanning, forsking og formidling

Arbeidsplassen er ein av campusane Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal eller Stord

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

HVL har eit språkpolitisk utval med representantar frå alle fakulteta, frå studentorganisasjonane og frå Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt. Utvalet vert leia av prorektor for samhandling. Utvalet har eit strategisk og overordna ansvar for HVL sin språkpolitikk, og prosjektrådgjevaren vil få eit særskilt ansvar for å synleggjere arbeidet og følgje opp språkpolitikken gjennom tiltak, tilbod og tenester i heile organisasjonen.

Rådgjevaren vil og ta del i ulike kommunikasjons- og samhandlingsoppgåver og -prosjekt.

Kvalifikasjonar:

Formell utdanning og kompetansar:

Til stillinga vert det stilt krav om høgare utdanning frå universitet eller høgskule på minimum bachelorgradsnivå, helst mastergrad.

Vi ser etter ein operativ medarbeidar med god erfaring frå språkarbeid, kommunikasjonsarbeid, og god kjennskap til forskings- og utdanningssektoren, og med eit stort engasjement for høgskulens samfunnsoppdrag, og særskilt til språkarbeid.

Personlege eigenskapar:

Du må kunne arbeide sjølvstendig og ha god skriftleg framstillingsevne, spesielt på nynorsk. Personlege eigenskaper blir tillagd stor vekt, og våre medarbeidarar skal bidra til eit godt arbeidsmiljø. Den beste kandidaten har dokumentert ei god strategisk kommunikasjons- og formidlingsevne, er omgjengeleg, positiv, fleksibel, serviceinnstilt og engasjert.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annen dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrider 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknader kan ikkje sendes på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som rådgjevar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 - rådgjevar.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personer med minoritetsbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

  • Avdelingsleiar Svein Ove Eikenes, +47 916 16 520

Søk stilling

Powered by Labrador CMS