Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Kommunikasjonsrådgjevar

Søknadsfrist: 17.07.2019

Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt har ledig stilling som kommunikasjonsrådgjevar

Kommunikasjonsrådgjevaren får eit særskilt ansvar for strategisk leiarstøtte og kontaktperson for eitt av fakulteta ved høgskulen.

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt har ansvar for å legje til rette for at HVL blir ein synleg og attraktiv institusjon både regionalt, nasjonalt og internasjonalt, og sørgje for ein effektiv kommunikasjon internt og eksternt. Avdelingen er pådrivar og tilrettelegjar for kunnskapsutvikling og innovasjon gjennom god samhandling med samfunns- og arbeidsliv.

Arbeidsplassen er Bergen.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Stillinga omfattar arbeid med å planlegge, gi råd og gjennomføre aktivitetar i kommunikasjons-, rekrutterings- og marknadsarbeidet vårt. Rådgjevaren skal produsere, publisere og vedlikehalde innhald i HVL sine kanalar, og vil ta del i ulike kommunikasjons- og samhandlingsoppgåver og -prosjekt.

Kvalifikasjonskrav:

Vi ser etter ein omgjengeleg og operativ medarbeidar med god erfaring frå strategisk kommunikasjonsarbeid, og særs god kjennskap til forskings- og utdanningssektoren.

Formell utdanning og kompetansar:

  • Høgare utdanning frå universitet eller høgskule med minimum bachelorgrad, helst mastergrad.
  • God skriftleg framstillingevne, særskilt på nynorsk.
  • Du må kunne arbeide sjølvstendig

Personlege eigenskapar blir tillagd stor vekt, og våre medarbeidarar skal bidra til eit godt arbeidsmiljø.

Den beste kandidaten har dokumentert ei god strategisk kommunikasjons- og formidlingsevne, er positiv, fleksibel, serviceinnstilt og engasjert. Du har har eit stort engasjement for høgskulens samfunnsoppdrag.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annen dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrider 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknader kan ikkje sendes på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som kommunikasjonsrådgjevar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434- rådgjevar.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personer med minoritetsbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.

Kontaktperson(ar) ved Høgskulen på Vestlandet er:

  • Avdelingsleiar Svein Ove Eikenes, +4791 61 65 20

Søk stilling

Powered by Labrador CMS