Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Kommunikasjonsrådgjevar - Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt

Søknadsfrist: 15.08.2019

Høgskulen på Vestlandet, campus Stord, har ledig fast stilling som kommunikasjonsrådgjevar

Om stillinga:

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt har ansvar for å legje til rette for at HVL blir ein synleg og attraktiv institusjon både regionalt, nasjonalt og internasjonalt, og sørgje for ein effektiv kommunikasjon internt og eksternt. Avdelingen er pådrivar og tilrettelegjar for kunnskapsutvikling og innovasjon gjennom god samhandling med samfunns- og arbeidsliv.

Stillinga er lagt til Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt. Avdelinga har ansvar for å leggja til rette for at HVL blir ein synleg og attraktiv institusjon nasjonalt og internasjonalt, og sørge for ein effektiv kommunikasjon internt og eksternt. Avdelinga skal også vera pådrivar og leggja tilrette for kunnskapsutvikling og innovasjon gjennom god samhandling med samfunns- og arbeidsliv.

Arbeidsplassen er campus Stord.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Kommunikasjonsrådgjevaren vil arbeide med eit breitt spekter av oppgåver i kommunikasjons-, rekrutterings- og marknadsarbeidet vårt. Du vil mellom anna produsere, publisere og vedlikehalde innhald i HVL sine kanalar, og ta del i ulike kommunikasjons- og samhandlingsoppgåver og -prosjekt.

Kvalifikasjonskrav:

Vi ser etter ein dyktig, initiativrik og operativ medarbeidar med god erfaring frå strategisk kommunikasjonsarbeid, og kjennskap til forskings- og utdanningssektoren.

Formell utdanning og kompetansar:

  • Du må ha høgare utdanning frå universitet eller høgskule på minimum bachelorgradsnivå, helst master, og eit stort engasjement for høgskulens samfunnsoppdrag.
  • Du må kunne arbeide sjølvstendig og vera ein god lagspelar.
  • Du må ha god skriftleg framstillingsevne, spesielt på nynorsk.

Personlege eigenskaper blir tillagd stor vekt, og våre medarbeidarar skal bidra til eit godt arbeidsmiljø.

  • Den beste kandidaten har dokumentert ei god strategisk kommunikasjons- og formidlingsevne, er positiv, fleksibel, serviceinnstilt og engasjert.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Me gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjars ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, her fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsettjingar.

Aktuelle søkjarar verta innkalt til intervju. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskolen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som kommunikasjonsrådgivar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 rådgivar.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personer med minoritetsbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.

Kontaktperson(ar) ved Høgskulen på Vestlandet er:

  • Avdelingsleiar Svein Ove Eikenes, tlf.: +47 916 16 520

Søk stilling

Powered by Labrador CMS