Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Rådgjevar – læringsdesign og formidling

Søknadsfrist 26.03.2019

Høgskulen på Vestlandet, campus Bergen har ledig stilling som Rådgjevar – læringsdesign og formidling

Om stillinga:

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Ved Høgskulen på Vestlandet, Campus Bergen, er det ledig ei fast stilling som rådgjevar innan området læringsdesign og formidling ved Senter for nye medium. Senteret er organisert under Avdeling for kommunikasjon og samhandling og er eit kompetansesenter for bruk av nye medium i undervisning, forsking og formidling. Senteret har 12 fast tilsette som har allsidig og samansett kompetanse innan digital medieproduksjon, formidling og kommunikasjon gjennom digitale medium. Senteret bidreg pedagogisk, utvikler konsept, gjer råd om verkemiddel og formidlingsform, finn tekniske løysingar og sett dei i produksjon. Senteret samarbeider internt, på tvers av avdelingar og campus, i team og prosjekt. Høgskulen er under omstilling og eventuelle framtidige endringar i organiseringa kan påverke ansvars- og arbeidsområde for stillinga. Stillinga vert lyst ut i stillingskode 1434 rådgjevar. For søkjarar med spesielle kvalifikasjonar kan stillingskode 1364 seniorrådgjevar bli vurdert. Meir om Senter for nye medium: www.hvl.no/sfnm

Arbeidsplassen er Bergen.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Du vil få ansvar for rådgjeving, prosjektleiing, produksjon og opplæring knytt til desse ansvars- og arbeidsområda:

  • Læringsdesign
  • Studentaktive lærings- og vurderingsformer
  • Digital kompetanse, digitale læringsressursar, og digitale læremiddel
  • Formidling, formidlingsstøtte og delingskultur
  • Digital samhandling og hybride læringsmiljø i eit tverrcampusperspektiv

Kvalifikasjonskrav:

Stillinga krev normalt høgare utdanning på masternivå innan relevant fagområde. Vi søker ein høgt motivert og kompetent medarbeidar med røynsle frå læringsdesign, formidling og pedagogisk bruk av IKT. Å skape gode læringsprosesser gjennom nye medium krev kunnskap og kompetanse frå fleire fagområder. Stillinga krev hybridkompetanse og evne til å bygge bru mellom pedagogikk og teknologi. Gjerne ein kombinasjon av pedagogisk røynsle og digital kompetanse og ferdigheiter. Du må kunne arbeide heilskapleg med digitale verktøy og prosessar, frå innleiande idéfase til ferdig produkt. Vi søker deg som er brukarorientert, opptatt av forenkling og digital nyskaping. Stillinga krev høg grad av sjølvstende. Du må kommunisere godt på norsk, munnleg og skriftleg.

Ønskte kvalifikasjonar:

Kompetanse og røynsle frå undervisning eller anna pedagogisk arbeid vil vere ei føremon, men ikkje eit krav. Likeins røynsle eller interesse for framtidsretta fysiske læringsareal, læringslaber og liknande. Kjennskap til eller røynsle med digitale delingsplattformer og universell utforming vil og trekkje opp. God skriftlig og munnleg formidlingsevne i engelsk.

Personlege eigenskapar:

  • Har du interesse for nyskapande, brukarvenlege læringsformer?
  • Trivst du i rolla som initiativtakar og pådrivar i utforsking av nettpedagogikk og digital læring?
  • Fungerer du i kreative prosessar, som leiar for eller del av team eller prosjekt?
  • Er du nysgjerrig og ynskjer å vere med å skape framtidas læremiddel i høgare utdanning?
  • Samarbeider du godt med andre og evner å bygge nettverk og relasjonar?
  • Er du ein lagspelar som deler kunnskap og kompetanse?
  • Er du analytisk, målretta, strukturert og sjølvdreven?

Kan du svare ja på desse spørsmåla vil vi gjerne ha deg med på laget vårt.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annen dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrider 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknader kan ikkje sendes på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som rådjevar -læringsdesign og formidling er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434- rådgjevar.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personer med minoritetsbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.

Kontaktperson(ar) ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Senterleder, Morten Morlandstø, telefon +47 55 58 79 16

Søk stilling

Powered by Labrador CMS