Stilling:

Kommunikasjonsrådgjevar

Søknadsfrist 28. januar 2019

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Ved Høgskulen på Vestlandet er det ledig ei fast 100% stilling som kommunikasjonsrådgjevar i Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt.

Avdelinga har ansvar for å legge til rette for at HVL blir ein synleg og attraktiv institusjon regionalt, nasjonalt og internasjonalt, og sørge for ein effektiv kommunikasjon internt og eksternt. Avdelinga er også pådriver og tilrettelegger for kunnskapsutvikling og innovasjon gjennom god samhandling med samfunns- og arbeidsliv.

Stillinga er lagt til campus Bergen.

Ansvars- og arbeidsoppgåver

Kommunikasjonsrådgjevaren får eit særskilt ansvar for strategisk leiarstøtte som kontaktperson for eitt av fakulteta ved høgskulen. Stillinga omfattar også arbeid med å planlegge, gi råd og gjennomføre aktivitetar i kommunikasjons-, rekrutterings- og marknadsarbeidet vårt. Rådgjevaren skal produsere, publisere og vedlikehalde innhald i HVL sine kanalar og vil ta del i ulike kommunikasjons- og samhandlingsoppgåver og -prosjekt.

Kvalifikasjonskrav

Søkjar må ha høgare utdanning frå universitet eller høgskule på minimum bachelorgradsnivå, helst master, og eit stort engasjement for høgskulens samfunnsoppdrag.

Du må kunne arbeide sjølvstendig og ha god skriftleg uttrykksevne, spesielt på nynorsk.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter ein omgjengeleg og operativ medarbeidar med god erfaring frå strategisk kommunikasjonsarbeid og kjennskap til forskings- og utdanningssektoren. Personlege eigenskaper blir tillagd stor vekt, og våre medarbeidarar skal bidra til eit godt arbeidsmiljø.

Den beste kandidaten har dokumentert ei god strategisk kommunikasjons- og formidlingsevne, er positiv, fleksibel, serviceinnstilt og engasjert.

Vi tilbyr

Stillinga som rådgjevar er løna etter statens lønsregulativ i stillingskode 1434 Rådgjevar.Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som ligg føre i www.jobbnorge.no når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen. Dersom vitnemål, karakterutskrift eller anna dokumentasjon ikkje er på et skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga går over 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke. Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.

Generell informasjon

Den som vert tilsett må rette seg etter dei lover, forskrifter, instruksar og avtalar som gjeld for stillinga. Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endring i stillinga sine ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogeleg grad spegle mangfaldet i folket. Ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn, og tilsette med innvandrarbakgrunn er difor eit personalpolitisk mål.

Opplysingar om søkjarar kan verte offentlege, sjølv om søkjar har oppmoda om ikkje å bli ført opp på lista over søkjarar. Om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje, vil søkjar bli varsla om dette.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet:

  • Avdelingsleiar Svein Ove Eikenes, Tlf: +47 53 49 14 13

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS